Innlegg

- Baklengs inn i framtida

Biletet viser utsyn over Ervik og Ervikskorane, frå «Seten»  Foto: Privat

NY LOKALITET: Eide Fjordbruk AS har søkt om å få etablere oppdrettsanlegg ved Ervikskorane. Bygdefolket meiner at å gje løyve til dette, vil vere å gå baklengs inn i framtida.   Foto: Kart frå Rådgivende Biologer AS, Førehandsgransking Ervikskorane

Nyhende

Vi les over to sider i Fjordabladet fredag 17.04.2020 om planane, visjonen og teknologien til Eide fjordbruk i høve deira søknad om konsesjon til fiskeoppdrett i Ervikskorane. Vi syner først og fremst til det omfattande innspelet sendt til Stad kommune frå Kjølsdalen Utviklingslag (KKUL) på vegne av innbyggjarar i Kjølsdalen. Dette innspelet vert ein del av det grunnlagsmaterialet som utval for areal og eigedom skal ta utgangspunkt i, når dei den 28.04. skal handsame søknaden politisk til vidare handsaming i Vestland fylkeskommune. Vi er veldig glade for at KKUL har gjort dette arbeidet med å samle inn informasjon, synspunkt og ikkje minst ettergå søknaden til Eide fjordbruk og kommuna sin planprosess i arealplanen. Dette på vegne av alle innbyggjarane som bruker fjorden aktivt året rundt!

Vi forstår jo at Eide fjordbruk, no når dei ser den kraftige motstanden mot planane, må endre strategien sin. Frå i utgangspunktet å prøve å få denne søknaden gjennom stilt og fredelig, helst utan at nokon får nyss i den, må dei no måtte være meir synleg og offensiv, og kome ut med informasjon om prosjektet på ein måte som kan synliggjøre dette som noko positivt, eit gode og ein inntektskilde for kommune og næringslivet i kommuna.

I Fjordabladet 17. april kunne vi lese om at Eide fjordbruk er ein familiebedrift. Høyrest fint og trygt ut. Men sjølvsagt er dei ein storaktør. Vi har sett dei økonomiske musklane til denne familiebedriften gjennom endelause timar med innleigde båtar som tek prøver og kartlegg fjorden dag og natt. Vi har sett rapporten, som i sin storleik markerer at dette ikkje berre er ein triveleg, liten familiebedrift frå Fusa/Eikelandsosen. Inntektene frå dette anlegget vert sjølvsagt for det aller, aller meste ført tilbake til denne familiebedriften der den held til i Bjørnafjorden kommune sør for Bergen.

Dei lovar 10 lokale arbeidsplassar. Dette er direkte misvisande. Her reknar dei med heile produksjonskjeden, som mest ligg klar til å ta inn desse arbeidsoppgåvene gjennom produksjon, sløying, foredling osb. Sidan Eide fjordbruk skryt slik av evt. samarbeid med lokale automasjonsaktørar så er det dermed sagt at det aller meste vil gå føre seg automatisk i prosessen til dagleg. I ein etableringsfase vil lokale aktørar, som allereie er i drift, bli brukt. Men berre på kort sikt. Når anlegget er oppe og går, så kan vi ikkje skjøne anna enn at mellom ein halv og ein stilling vil vere i direkte aktivitet med anlegget til dagleg. Vi er redde for at dei som skal handsame saka skal bli villeda til å tru at dette vil skape mange lokale arbeidsplassar, for det stemmer ikkje. Kortsiktige prosjekt for lokale bedrifter, eller eventuelle tilskot frå havbruksfondet, kan ikkje veie tyngre enn kva vi som får dette plassert midt bygda vår må leve med av lys- og støyforureining kvar einaste dag i mange, mange år.

Straumålingane syner “gode forhold” for anlegg i Ervikskorane seier dei i Fjordabladet. Kva betyr det? Det betyr at der er forureining. Der er lus. Og straumforholda vil vel føre dette fint utover eit stort område i fjordbassenget både på nord- og sørsida. Her er lakseelvar både i Kjølsdalen og på Eid, desse er under ekstremt press frå lakselusa. Forholda i fjorden var jo ein av grunnane til at kommunestyret i Eid for ein del år tilbake vedtok at det berre skulle leggjast til rette for oppdrett på sørsida av fjorden. Igjen er det fine ord. Men ikkje meir enn det.

Så forsikrar dei om at anlegget ikkje vil vere til hinder for bading eller fisking frå land. Dette fordi det skal ligge “om lag 100 meter frå land”. Så vert det likevel gjort klart seinare i artikkelen at det vert forbod mot ferdsel innanfor 20 meter frå anlegget, og mot fiske innanfor 100 meter frå anlegget. Dette rimar jo ikkje! Ervika og Ervikskorane er jo ikkje eit gedigent område. Det vil forringe bruken av naturen og nærområdet langs fjorden på land, og langs land på fjorden. Så enkelt er det, uansett kva Eide fjordbruk påstår.

Eide fjordbruk understreker at dei “gjerne stiller opp” for å informere lokalbefolkninga. Kvifor ønskte ikkje Eide fjordbruk å komme i dialog med grunneigarar og lokalmiljø FØR ein sette i gang undersøkingar og rapportproduksjon for millionar av kronar? Jo, fordi slike konsesjonar mest trulig lettare vert delt ut om det er «stille i båten». Uansett er det å kome i dialog ikkje like enkelt i desse korona-tider. Folkemøtet som var planlagt frå KKUL sin side måtte avlysast den 16. mars grunna nedstenging i samfunnet generelt. Vi veit at Eide fjordbruk indirekte har forsøkt å oppnå dialog med Miljøagentane i Kjølsdalen, etter at dei var ute i Fjordabladet og sa sine meiningar om planane til søkjar. Men borna i Miljøagentane var ikkje interessert i det, så lenge saka skulle handsamast av politikarane. Kven er det som virkar mest fornuftig i denne prosessen? Borna i miljøagentane, eller leiinga i Eide fjordbruk?

Så les vi at denne søknaden om konsesjon er “i tråd med arealplanen”. Når vi då veit at Stad kommune mest er klare til utsending av planprogram for kommunedelplan for sjøareal i kommuna, som skal gje retning for bruken av sjøareal fram mot 2030, og denne planen skal vere klar for vedtak i desember 2020, så er det minste vi forlangar at avgjerd både frå Stad kommune og vidare i Vestland Fylkeskommune vedrørande søknad om konsesjon for oppdrett i Ervikskorane vert utsett til den nye kommunedelplanen for sjøareal i den ferske kommuna vår er vedteken, slik at innbyggjarar og politikarar kan få uttale seg i lys av desse nye søknadene om konsesjon i den pressa fjorden vår.

Heile dette søknadsarbeidet frå Eide fjordbruk, som vi skjønar prøver å oppretthalde og helst styrke sin posisjon i oppdrettsmarkedet, kunne vore ugjort om planarbeidet frå Eid, no Stad kommune, hadde vore gjort med den flid og etter dei føringar ein etter lovverk har opning for å gjere, og slik sett burde ha gjort. Dei næraste naboane til det omsøkte arealet, ja til og med grunneigarane, var uvitande om at dette arealet var regulert på denne måten til akvakultur. Det kom overraskande då søknaden om konsesjon vart kjent i slutten av februar. Berre ein tilstøytande grunneigar hadde sett arealet ligge i planen, og klaga straks til Eid/Selje kommune om dette i juni 2019. Han har aldri fått svar frå kommuna på klaga si!

Vi har lyst å være enkle, direkte og ærlege.

Å leggje til rette for auka press på fjorden i form av oppdrettsanlegg for slik kommersiell produksjon av fisk, det er så gammaldags i 2020 at det ikkje skulle være mogleg å få sendt inn søknad eingong.

Miljøkommuna Stad kan ikkje profilere seg som det, om ein legg til rette for denne form for øydelegging av mest urøyrt natur.

Turistkommuna Stad kan ikkje profilere seg som det, om dei på same tid som dei inviterer omverda til fantastiske og urørte Nordfjord, godtek å plassere industri med lus, lys- og støyforureining midt i indrefileten av det dei vil selje til turistane.

Vi vil framheve den tause stemmen til dei populasjonane av dyr, fisk, plantar, algar og organismer som lev under vassoverflata, som har vore meir eller mindre neglisjert i alle år, men som den oppveksande generasjon no veit og forstår treng vår merksemd for ikkje å bli øydelagt. Men så legg framleis politikarar, forvaltning, og ulike næringar til rette for at kapitalsterke aktørar skal kunne kome utanfrå og ta i frå borna, ungdomen og oss vaksne som bryr oss om naturen og miljøet rundt oss, den moglegheiten vi har for å snu den negative påverknaden ikkje-berekraftig industri påfører det vi skal hauste naturlig av!

Dette er ikkje berre snakk om at det øydelegg for å fiske, bade og køyre båt rundt det omsøkte arealet, slik Eide fjordbruk prøver å framstille det som at motstandarane til prosjektet har fokus på. Dei påpeiker veldig sterkt at dei søkjer på gjeldande arealplan, og nettopp dette er jo noko av kjernen i saka her, og som politikarane no har sjansen til å vere ansvarlige og gjere noko med.

Det var på 90-talet at ein lokal aktør, som såg potensialet i blåskjeloppdrett, klarte å få lagt dette arealet inn i planen. Men då vart området lagt inn som eit område definert for fiske, fangst, akvakultur og friluftsliv, og ikkje berre akvakultur (AK) som i dag. Aktøren gjekk konkurs i 2009. Sidan 90-talet kan vi trygt seie at synet på kva negative ringverknader slik aktivitet i fjordbassenga fører med seg har endra seg markant.

Så har arealet berre blitt liggjande der. Ope for kommersielle, profesjonelle aktørar som no støvsugar kommuneplanane i fjordkommunar på Vestlandet, i desperasjon etter areal for produksjon. Dette sidan regjeringa gjennom «trafikklysordninga», som vart sett i drift frå februar, seier at fjordbassenga frå Nordhordland til Stad er merka raudt, noko som betyr at produksjonen her skal reduserast, ikkje aukast. Ønskjer Stad kommune å gå imot dei statlige føringane gjennom trafikklysordninga?

I staden for at kommuna må konsekvensutgreie eit areal før ein gjer det tilgjengeleg for søkjarar som Eide fjordbruk, så kan søkjar sjølv bestille rapporter som leggjast ved søknad, slik at alt verkar berre «fryd og gaman» ut i frå dei undersøkingane som er gjort. Er dette noko som offentleg forvaltning og kommunestyre tykkjer er greitt? At all informasjon om konsekvensar for drift i våre lokale sjø- og landområder skal kome på bestilling av dei som sjølv skal drifte? Alt dette seier oss berre at her er det pengane som snakkar. Lagt fint fram som lokal næringsutvikling, forskning og solidaritet med ei verd som treng matproduksjon frå havet for å dekke behovet for mat, som Eide fjordbruk sjølv seier så fint i artikkelen i Fjordabladet. Det er nok ikkje dei som verkeleg treng hjelp med mat som får nytte av produksjonen til Eide fjordbruk. Rikfolk i Hong Kong, London, Madrid eller Los Angeles lid nok ikkje nokon naud utan laks frå merder i Nordfjorden.

Verda treng at vi alle tek verkeleg omsyn til den naturen vi er så ekstremt avhengig av. Eit genuint omsyn til den naturen tek ikkje oppdrettsanlegg av denne typen. Beklager. Det er gammaldags, uansett kva dei fine prospekta til Eide fjordbruk seier. Vi som vel å busetje oss i fantastiske grender som Ervik er moderne menneske, som ser med eige auge, kvar dag, kva naturen gjev oss, og veit kva menneska kan ta frå naturen, utan moglegheit til å reversere.

Det godtek vi ikkje skal skje, rett utanfor stovevindauga våre!

Det er å gå baklengs inn i framtida!


Bygdefolket i Ervik

Anne Karin Bjørkelo

Marta og Odd Einar Elvebakke

Astri Elvebakke

Elin og Bern Nes

Åse og Svein Lågeide

Dagfinn Lågeide

Solveig Lågeide

Margun og Roald Ervik

Lina Lien og Torbjørn Ruud Hagen

Karen-Merete Bruland og Jan Iburd

Eldar Lien og Marit Brekke

Ann Christin Strømsrud og Øystein Nes

Ragnar og Ingeborg Rørvik

Leif og Anne Karin Gillesdal

Isabel Mykland

Inge Mykland og Jorunn Breiteig

Ole Morten Erviksæter

Bjørg Erviksæter

Heidi Beate Erviksæter Hals og Thomas Hals

Oddrun og Reidar Erviksæter


Torvneset og Ervikskorane i Stad kommune

– Områda er godt eigna til matproduksjon

– Slik vi ser det så er dette område som er godt eigna. Vi har gjennomført undersøkingar som viser at forholda her er gode for å drive matproduksjon i sjø. Det seier dagleg leiar i Eide Fjordbruk AS, Sondre Eide og samfunnskontakt Vidar Hjartnes.



Vil ta teknologien vidare

– Vi jobbar med mange spennande prosjekt for å ta teknologien vidare. Det seier dagleg leiar i Eide Fjordbruk AS, Sondre Eide. Han håper på godt samarbeid med automasjonsmiljøet i Nordfjord.