Fleire fekk køyreforbod og gebyr

32 køyretøy vart kontrollert då Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs tysdag denne veka.

Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs tysdag, og fann fleire feil som måtte betrast før sjåførane fekk køyre vidare.   Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag ettermiddag og kveld hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs. 146 køyretøy var innom kontrollplassen, og 32 køyretøy vart kontrollert gjennom dagen og kvelden.

Ifølgje Statens vegvesen fekk eitt vogntog køyreforbod grunna at det eine framhjulet på tilhengar var laust. Eitt vogntog til fekk også køyreforbod, då det ikkje var merka i samsvar med krav i forskrifta. Vogntoget hadde ei breidde på 2,9 meter og skal difor merkast. Dette måtte betrast før sjåfør fekk køyre vidare.

Ein lastebil fekk også gebyr på 2000 kroner ettersom mønsteret på to av dekka var under lovleg mønsterdjupn.

I tillegg til dette måtte to sjåførar fjerne gjenstandar i siktsona på lastebilen før dei fekk køyre vidare.

Ein lastebil fekk mangel på at skiltet på tilhengar var ikkje leseleg, og bileigar har fått frist for å betre og skifte skilt.