Vindkraft på Okla 

Oppstart av anleggsarbeid etter påske

─Det vart i dag stadfesta at utbyggar av vindkraftanlegget på Okla planlegg for oppstart  av anleggsarbeid  rett etter påske.

Thomas Honningsvåg (nummer to frå venstre) er nestleiar i Stad Landskap.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det skriv Hans Christian Hansen, leiar og Thomas Honningsvåg, nestleiar i Stad Landskap og viser tiol at Entreprenørservice i Førde har overfor Stad Landskap stadfesta at dei set i gong arbeidet etter beskjed frå sin oppdragsgivar, Stenger og Ibsen, i Danmark.

─Hilde Aas, NVE tilsyn og beredskap, har bekrefta at dette arbeidet kan starte sjølv om dispensasjonssøknaden ikkje er ferdigbehandla i Stad kommune, dette gjeld ikkje anleggsarbeid i forbindelse med omsøkt trasé.

Kven veit kva?

─Stad Landskap stiller seg undrande til om Stad Kommune er kjent med desse planane. Fleire partar tolkar det slik at planane rundt ilandføring, mellomlagring, trasé for tilkomstveg, kontrollrom og påkopling på veg, er reguleringspliktige. Om Stad Kommune har gitt klarsignal til utbyggar, stiller Stad Landskap seg undrande til korleis dette eventuelt er handsama, seier leiar og nestleiar i Stad Landskap.

Tilsyn?

Hansen og Honningsvåg viser vidare til spørsmål til NVE om kven som skal halde tilsyn i anleggsfasen, der NVE seier at dei fører dokumenttilsyn opp mot konsesjon, men ikkje tilsyn lokalt med NVE personell på plassen før det er gått 2-3 månader etter byggestart.

─Vidare at dette eventuelt kan kan bli utsett på grunn av Koronasituasjonen. Dette tilseier at anleggsarbeidet vil gå utan lokalt tilsyn frå NVE, og det blir då opp til Fylkesmannen og Stad Kommune å vere utøvande på dette området, , seier leiar og nestleiar i Stad Landskap.

─Stad Landskap stiller seg undrande til at det tilsynelatande er greitt for NVE at arbeidarar frå andre deler av landet skal kunne reise dit i anleggsfasen, men at NVE sjølve utsett sitt tilsyn i frykt for korona smitte. Stad Landskap ønsker å vite korleis Stad kommune og Fylkeslegen følger opp denne situasjonen i tider der det er restriksjonar på reiser, og det er planlagt oppstart med arbeidskraft frå andre deler av landet, , seier leiar og nestleiar i Stad Landskap.

Lokal verdiskaping og arbeidsplassar?

Grunnlaget for at Stad Kommune vart overtydd av konsesjonær til å seie ja til eit slikt prosjekt, var at det ville generere positive økonomiske ringverknadar i lokalmiljøet, og ikkje minst føre til sysselsetting i kommunen.

─Det vart sagt på informasjonsmøtet i 2006 at dette anlegget vil gje ringverknader til lokale bedrifter, men til no legg Stad Landskap merke til at alle tilsette i stillingar i forbindelse med anlegget er gitt til personar utanfor kommunen. Stad Landskap stiller seg også undrande til kvifor Selje kommune, no Stad Kommune, ikkje vil svare på om dei har kravd konsesjonær for utgifter i forbindelse med planarbeidet slik samarbeidsavtalen frå 2016 tilseier. Utgreiing frå tidlegare Rådmann i Selje kommune i 2019, viser at Selje kommune ikkje hadde oversikt på kor mykje ressursar kommunen hadde brukt på saka, og at dei ikkje hadde kompetanse til å svare på spørsmåla frå Innbyggjarane i kommunen i august 2019, seier leiar og nestleiar i Stad Landskap.


Tillegg:

Falck Renewables AS meiner det kjem fram feil fakta i denne artikkelen.

Vi viser til eigen artikkel med Falck Renewables sine kommentarar i saka: "-Ikkje sant at oppstart av Okla startar rett etter påske".

red.