Påskeunderhaldning:

Alt på eit breitt

Brettspel er i dag mykje meir enn Ludo. Det finst mange tusen spel å velje mellom for å få til ein vellykka kveld med familie og venner.

SOSIALT: Aksel (12), Ea (7), pappa Steffen og mamma Eldrid sit ofte rundt kjøkkenbordet med eit brettspel. Det er fort gjort å bli ivrig, og dei rår å ikkje starte eit spill langt ut på kvelden, då kan det bli seint.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Nyhende

– Skal eg dra til Los Angeles? spør sju år gamle Ea. Ho sit ved kjøkkenbordet saman med storebror Aksel (12), mamma Eldrid Johansen og pappa Steffen R.M. Sørum. Dei speler Pandemic, eit spel der deltakarane saman skal hindre at verda går under på grunn av diverse fæle sjukdommar.