Nils Ola Strand

Koronafast

Dagane må fyllast med eitt eller anna vitugt. Skal eg starte å skrive ei ny bok, kanskje? Det er nok ein dårleg ide, det tok 20 år sist eg prøvde og eg er 67 no.

Koronafast: Eg er utruleg takksam for at Furet Værbitt har eit helsevesen for alle og eit koseleg, lite lokalsjukehus her som tek seg av meg på beste vis kvar einaste gong helsa sviktar!, skriv Nils Ola Strand som har vore fast bidragsytar i Fjordabladet i mange år. Denne gongen har han eit skråblikk på korleis det er å vere koronafast. 

Så dette gjekk sjølvsagt åt skogen som broderfolket seier

Nyhende

Skråblikk

Så sit eg her i heimen. Eldre mann med immunsvikt. Jaja. Karantena er sjølvvalt, men kva anna kan eg gjere når alt er som det er og koronaen sikkert kjem til Eid og? Eller Stad som det skal heite no. Det høyrest heilt feil ut. Eg prøver ikkje å venje meg til det heller. Skal eg liksom sitje her i stova å sjå utover Nordfjordeidfjord eller kanskje Stadfjord? Ikkje kan eg gå i butikken heller. Ikkje kan eg handle mat eller Oliver Twist som eg snart er tom for eller tøyse med dei butikktilsette for den saks skuld. Skal eg sitje slik her heime i fleire veker, kanskje månader? Det er mykje som tyder på det, sjølv om Donald Trump er viss på at Sambandsstatane vil vere tilbake i normalt gjenge i løpet av 15 døgn. Dette er det vanskeleg å skjøne, men han seier sjølv at han har god tru og at han er «a smart guy».

Gode vener som sit i karantene eller er arbeidslause for tida har prøvd å få meg med på ulike slag facebookbasert tidatrøyte som ein kan fylle dagane med. Eg prøvde meg på eit par slike aktivitetar, la dagleg ut omslaget på ei bok eg hadde lese utan omtale i ei heil veke. Kvar dag oppmoda eg ein ven til å gjere det same. Eit slags pyramidespel alså. Og dei pyramidespela eg sjølv tok del i sist på 60-talet, enda aldri godt. Så dette gjekk sjølvsagt åt skogen som broderfolket seier. Nesten ingen likte bøkene eg la ut og berre ein av venene mine greidde å føre dette vidare slik som det var tenkt. Det kunne verke som om fleire ikkje hadde 7 bøker i det heile.

Det neste eg prøvde meg på, var å fylle Facebook med musikk. Eg tykte ideen var god og la ut ein video med levande, fransk cajunmusikk frå sumpane i Louisiana. Dette er musikk som står hjartet nær, men som ein ikkje høyrer så ofte. Kanskje verden var klar for kreolske låtar no? Det var den definitivt ikkje! Derimot kunne vokalisten i gruppa melde at der han bur, er det praktisk tala uråd å få seg ein koronatest, same pokker kor mykje ein hostar eller kor høg feber ein stakkar har. Så eg er ikkje heilt viss på at Trump har kontrollen likevel.

Kva skal fattigfolk i Statane gjere om dei vert sjuke og ikkje har helseforsikring? Burde ikkje Bernie Sanders trekke seg og støtte Joe Biden? Bernie kunne verte ein god visepresident om Biden vann valet. Kva med å relansere helseforsikring for alle i USA no? Nei, melder ein annan ven der borte. Det er fint lite Biden kan gjere før han eventuelt er vald som demokratane sin presidentkandidat - og dette skjer først i januar 2021. Eg er utruleg takksam for at Furet Værbitt har eit helsevesen for alle og eit koseleg, lite lokalsjukehus her som tek seg av meg på beste vis kvar einaste gong helsa sviktar!

Eg har mykje meir å irritere meg over her eg sit. At det solide utgreiingsarbeidet gjort på dugnad av dyktige folk for å verne den unike naturen på Stadlandet mot utbygging av vindkraft totalt vert oversett. Først av NVE, deretter av OED. Kva vits er det i dei fagre orda om lokalt sjølvstyre og demokrati dersom slikt kan skje? Skal tru om lokale politikarar som eigentleg er i mot denne utbygginga vil gi dispensasjon og godkjenne ny trase for tilkomstveg til anlegget? Nei, eg har no betre tiltru til dei folkevalde i Stad kommune enn som så!

Heldigvis, eg har no fjernsynet. Med eit godt utval kanalar og «mangfald i eteren», skulle det vel vere råd å finne eitt eller anna av interesse? Dersom eg berre skal sjå ei kort stund, er svaret ja. Men etter som dagane går, oppdagar eg at eg har sett det meste allereie. Og alt kjem om igjen. Og om igjen. Eg har sett alle «Wheeler Dealers», «Deadliest Catch», «Monsen på villspor» og alle oppussingshus i Karibia og Mexico fleire gongar før. Nyhenda og, verkar det som. Og vermeldinga. Det er like godt å skru av heile styggedomen.

Nei, det er ikkje lett for nokon no om dagen. Og eg innbiller meg slett ikkje at eg er mellom dei som har det verst. Snarare tvert om. Men dagane må fyllast med eitt eller anna vitugt. Skal eg starte å skrive ei ny bok, kanskje? Det er nok ein dårleg ide, det tok 20 år sist eg prøvde og eg er 67 no. Skal eg gå ein tur i regnet? Eller skal eg heller ta opp tråden med å skrive små «skråblikk» når eg likevel sit koronafast her heime?