Har fått utsett frist

Illustrasjonsfoto frå Kråkenesfjellet.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

NVE har gjeve Falck Renewables utsett frist for idriftsetting av Okla vindkraftverk til 31.12.2021 og utvida konsesjonsvarigheit til 31.12.2046. NVE har i avgjerda lagt vekt på at igangsetting av arbeidet med vindkraftverket ikkje kan settast i gang, før dispensasjon frå gjeldande arealbruk ligg føre. Grunngjeving for søknaden er at selskapet ventar på politisk avklaring av dispensasjonssøknaden deira frå kommunes arealplan, samtidig forventar dei at vedtaket blir påklaga og at byggestart først kan skje godt ut i 2020.


Bård Inge Fløde:

Må seie nei til dispensasjonssøknaden

– Endringar for tilkomstvegen, slik det er søkt om, vil føre til at ein kjem inn på nye LNF-område (landbruk, natur og fornminne). Det bør ikkje Stad kommune seie ja til.



Leiar

Politikarane må vente

Det er eit rimeleg krav Bård Inge Fløde stiller. I alle saker vi kjenner til er det faktisk slik at alle formalitetar vere på plass før ei sak blir sluttført, eller at arbeidet kan starte opp.



Lesarinnlegg

Vi gjev ikkje opp kampen om Stadtfjellet!

Ein vel sine kampar. Denne er viktig! Den handlar om landet vårt. Naturarven vår. Kulturhistoria vår.



SV sine fylkeslag i Rogaland Vestland, og Møre og Romsdal seir:

Nei til vindkraftindustri på Stadlandet, Haramsøya og Runde

Departementet har i avgjerda i det heile ikkje lagt vekt på ny lokal og generell kunnskap om tap av biologisk mangfald og artar.



Vindkraftselskap får klarsignal frå OED

Kraftige lokale reaksjonar

Olje og energidepartementet (OED) stadfesta sist tysdag Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt vedtak om planendring for Okla vindkraftverk.



Innlegg

Okla vindkraftverk - Når NVE «ikke vil se»….

Det er ein ujamn kamp, der det tidvis opplevast som om motstanden vår skal teiast ihel, skriv Wenche Hovlid Sortvik.