Vestland Fylkeskommune løyver

13 millionar i tilskot til kultur- og friluftsaktivitetar

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har vedteke å gje vel 13 millionar kroner i tilskot til diverse aktivitetar innan kultur- og friluftsliv.

Klenkarberget sommarcamp, som vert drive av Haugen Idrettslag fekk 60.000 kroner då Vestland fylkeskommune fordelte 13 millionar i tilskot til kultur- og friluftsaktivitetar.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Hovudutval for kultur, idrett og integrering hadde videomøte og vedtok fordeling av ein del tilskot til kultur- og friluftsaktivitetar. Tilskota fordelar seg slik:

  • 3,1 millionar kroner til friluftslivaktivitet
  • Vel fire millionar kroner til å sikre friluftsområde for alle
  • 5,4 millionar til tiltak og tilrettelegging av friluftsområde
  • 450 000 kroner til tre nye modellbibliotek
  • 50 000 kroner til kjøp av digitalt innhald for utlån på folkebiblioteka
Friluftsaktivitet

3,1 millionar kroner går til friluftsaktivitet i Vestland. 45 organisasjonar får tilskot. Totalt var det 62 søkjarar med totalt 5,5 millionar i søknadssum. Bergen og omegn friluftsråd får 400 000 kroner til å ha skuledagar på sjøen, 4H Sogn og Fjordane får 150 000 kroner, Bergen og Hordaland turlag får 175 000 og Sogn og Fjordane turlag 90 000 kroner. Haugen Idrettslag/Klenkarberget sommarcamp får 60.000 kroner av denne potten.

Sjå oversyn over alle som fekk tilskot til friluftsaktivitetar

Tileigning av friluftsområde

Vel fire millionar kroner skal gå til tileigning og bandlegging av friluftsområde. Utvalet har laga ei prioritetsliste over dei 16 søkjarane. På topp står Baronifjæra i Kvinnherad kommune med ein million kroner. Miljødirektoratet avgjer kven som får pengar etter prioritering frå fylkeskommunane. Totalt har direktoratet 30 millionar kroner til føremålet i år.

Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Sikring av område for friluftsliv i nærområde er eit viktig verkemiddel for å nå grupper som er lite aktive.

Areal i nærleiken av bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt, og som kan brukast av store folkegrupper i og ved byar og tettstader blir prioritert.

Sjå oversikt over dei 16 områda som er prioritert i Vestland

Tilrettelegging av friluftsområde

5,4 millionar kroner skal gå til opparbeiding, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområde i Vestland. Fire millionar kroner går til diverse tiltak i regi av Bergen og Omegn friluftsråd, Friluftsrådet Vest får 700 000 kroner og Kinn kommune får 312 000 kroner til Moldøen. Totalt kom det 42 søknader for 9,6 millionar kroner. 11 tiltak delte dei 5,4 millionar kronene.

Desse tilskota skal medverke til å fremje friluftsaktiviteten i statleg sikra friluftsområde og område verna som friluftsområde etter markalova. Gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel skal områda gjerast lett tilgjengelege og attraktive for alle. Her får Stad kommune/Søholmen 69.000 kroner.

Sjå oversikt over dei tiltaka som fekk pengar

Modellbibliotek

450 000 kroner skal gå til å utvikle tre nye modellbibliotek i Vestland. Eit modellbibliotek skal ikkje berre låne ut bøker, men vere ein møteplass for offentleg samtale, debatt, føredrag og konsertar, og gjerne med utvida opningstid. Eit bibliotek som blir modellbibliotek vil bli ommøblert med sitjegrupper, scener og liknande.

I dag finst det 14 modellbibliotek i tidlegare Hordaland og eitt i tidlegare Sogn og Fjordane. Det første modellbiblioteket vart etablert i Hordaland i 2014. Modellbiblioteka har vist seg å vere eit kraftfullt og etterspurd tiltak for å utvikle folkebiblioteka. Midlar til å etablere tre nye modellbibliotek blir no lyst ut i Vestland.

Digitalt innhald

50 000 kroner skal gå til innkjøp av digitalt innhald til folkebiblioteka i Vestland. Målet er at innbyggjarane skal få tilgang til digitalt innhald. Folk etterspør i stadig sterkare grad digitale tenester, også frå biblioteka. Digitalt utlån er ein aukande del av folkebiblioteka sitt totale utlån.

Men kostnadane til digitalt utlån har auka med nye medium og nye prismodellar. Stigande etterspurnad fører også med seg høgare kostnadar. Fylkeskommunen støttar bibliotektilbodet i kommunane ved å koordinere fellestenester og delfinansiere innkjøp av digitalt innhald til ei felles samling.