No er det stor snøskredfare

Torsdag er det sende ut eit raudt varsel i kategori fire for stor snøskredfare i Indre Fjordane.

RAUDT VARSEL: Torsdag er det sende ut raudt varsel for stor snøskredfare for Indre Fjordane, medan det er oransje varsel fredag.   Foto: ANNA WUTTUDAL

Nyhende

Dei siste dagane har det vore stor snøskredfare i Indre Fjordane, og torsdag er det også sende ut eit raudt varsel for snøskred i dette området. Det er grunna nedbør og kraftig vindauke som truleg vil føre til stor snøtransport inn i leheng, ifølgje Varsom.no. Det er område i le for hovudvindretning som vil vere mest utsett for snøskred torsdag.

Snøskreda kan utløysast naturleg, men også av til dømes skiløparar. Det vert oppmoda om å unngå alt av skredterreng, og terreng som er brattare enn 30 grader. Det er varsla at snøskreda kan bli store og i tillegg nå ned til vegar som er skredutsett og busette område.

Det har dei siste dagane vore gunstige temperaturar, og det er venta store skred grunna dette. Ifølgje Varsom.no vil våte skred bli eit mindre problem når temperaturane fell. Vêret skal roe seg og temperaturane skal minke fredag, men det er også betydeleg snøskredfare og difor er det sende ut eit oransje varsel. Det vert oppmoda om å unngå leområde med fersk fokksnø. Ifølgje Varsom.no er det sannsynleg at skiløparar kan utløyse snøskred, og naturleg utløyste snøskred kan skje.

Gult varsel for snø

I tillegg til snøskredfare, er det også sende ut eit gult varsel for mykje snø torsdag og fredag. Varselet gjeld for Fjordane, ifølgje Yr. Det er nemleg venta snøbyer, og det er venta 15 til 30 centimeter snø lokalt denne perioden.

Ifølgje ser det ut til å vere eit par minus grader både fredag og laurdag, før temperaturane skal auke frå søndag av. Då er det venta temperaturar mellom sju til 10 grader.