Kontrollerte tungtransporten på Nordfjordeid

Statens vegvesen hadde kontroll tysdag på Nordfjordeid der tungtransport og vekt var i fokus.

KONTROLL: Statens vegvesen kontrollerte tungtransport og vekt på Nordfjordeid. Under denne kontrollen vart det gebyr for dekk under lovleg mønster djupn.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var totalt 29 køyretøy inne på kontrollplassen, men 11 av desse vart kontrollert. Ifølgje Statens vegvesen hadde eit av køyretøya to dekk under lovleg mønster djupn, og fekk difor eit gebyr som følgje av dette.

I tillegg hadde eit køyretøy fire dekk under lovleg mønsterdjupn, og mangla i tillegg fire kjettingar og svingskiva mangla smurning. Ifølgje Statens vegvesen påverkar ei tørr svingskive styringa av vogntoget, og er spesielt farleg på glatte vegar og svingskiva måtte difor smørjast før vidare køyring.