AP-lag krev at Rv 15 Strynefjellet må inn i første NTP-periode

RV 15 er raskaste vegen til Oslo og Trondheim for mange viktige bedrifter på Nordvestlandet. Grunna stigning og smale / låge tunnelar på RV 15 Strynefjellet, samt stengd veg på grunn av ras og rasfare, må næringslivet ofte velje andre og lengre transportetappar

Illustrasjonsfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Arbeidarpartilaga i Stryn, Stad, Gloppen, Kinn, Bremanger, Volda, Ørsta, Stranda, Skjåk og Lom har samla seg om felles innspel til Nasjonal Transportplan 2022 – 2033 om RV 15 Måløy – Otta. I innspelet heiter det at ny tunnel Skåre - Breidalen må prioriterast med start i 1. periode av NTP 2022 – 2033. RV 15 er i NTP 2018 – 2029, omtala som ein del av korridor 6; E6 Oslo – Trondheim. E6 har armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund.

I innspelet vert det vist til at RV 15 mellom Vestlandet og Austlandet har vore stengt om lag 20 gongar denne vinteren. Dei gamle tunnelane tilfredsstiller ikkje tunnelforskrifter frå 2025 i tillegg til at strekningar i dagen er svært utsette for skred og fare for skred.

Stryn, Stad, Gloppen, Kinn, Bremanger, Volda, Ørsta, Stranda, Skjåk og Lom Arbeidarparti krev at Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet sitt valde konsept for RV 15 Strynefjellet, B1, som er Statens Vegvesen si tilråding; ein ny tunnel mellom Skåre i Stryn kommune, Vestland Fylke og Breidalen i Skjåk kommune, Innlandet Fylke, tilrettelagt for arm til Geiranger, vert innarbeid i første del av Nasjonal Transportplan 2022 – 2033.

Ap-laga peikar på at dette er ei framtidsretta løysing med 100 % regularitet, som eliminerer alle 12 skredutsette parti, er miljøvenleg ved å redusere stigninga frå 11 % til under 5 %, og sikrar trekkruta i kalveområde for den viktige villreinstammen på Strynefjellet. Planprosessen kan kortast ned ved å gå rett på statleg reguleringsplan, sidan mesteparten av strekninga er tunnel i fjell.

I utalen vidare heiter det:

« Eit vegnett som gir god regularitet, trygg veg, lågast mogleg transportkostnader og best miljø er svært viktig for det ekspansive og verdiskapande næringslivet i regionen som soknar til RV 15. Både for næringsutvikling og busetnad er det avgjerande viktig at vegnettet er å stole på.

Vi viser til den særs viktige funksjon som RV 15 har i dag som aust/vest samband for næringslivet ein region med årleg verdiskaping på om lag 70 MRD. Sambandet har spesielt stort innslag av tungtrafikk, som tener næringslivet i regionane på begge sider av fjellet. Opprustinga av E6 styrkar RV 15 som trafikkrute både til Austlandet og Trøndelag. Mykje av trafikken på FV 60 føl også RV 15 over Strynefjellet. RV 15 er det brei semje om lokalt i regionen og ingen debatt om traseval. Konseptvalet er gjort sommaren 2018.

­ RV 15 er raskaste vegen til Oslo og Trondheim for mange viktige bedrifter på Nordvestlandet. Grunna stigning og smale / låge tunnelar på RV 15 Strynefjellet, samt stengd veg på grunn av ras og rasfare, må næringslivet ofte velje andre og lengre transportetappar. RV 15 er viktig bindeledd mellom hamna i Måløy og jernbane på Otta for godstransport. RV 15 er einaste ferjefrie sambandet mot E6 mellom Sognefjorden og Storfjorden. Det er svært viktig for utviklinga i ein stor region at dette prosjektet vert prioritert i 1. periode i NTP 2022 - 2033.

Midlar avsett til skredsikring må aukast til minst NOK 72 MRD i NTP 2022 – 2033 i samsvar med Nasjonal Ras-sikringsgruppe si tilråding.»

Innspelet er skrive under av Jarle Hessevik Stryn AP, Harald Hansen Stad AP, Monica Grov Gloppen AP, Solveig Willis Kinn AP Anne Kristin Førde Bremanger AP, Sverre Leivdal Volda AP, Karen Høydal Ørsta AP, Inger Helen Abelsen Stranda AP, Bjørn Ola Aukrust Lom AP og Stig Erlend Banken Skjåk Arbeidarparti.

Innspelet er sendt til Vestland Fylkeskommune, Innlandet Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune.