Tre nye stadfesta smitta

Onsdag kveld er tre nye stadfesta koronasmitta i Helse Førde-regionen.

TRE NYE: Ytteregare tre nye er stadfesta smitta av koronaviruset i gamle Sogn og Fjordane fylke.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Helse Førde opplyser at tre nye personar er stadfesta smitta av koronaviruset i Helse Førde sitt området siste døgnet. 26 prøver har blitt analysert.

Totalt er det no 46 personar som er stadfesta tilfelle i helseføretaket sitt ansvarsområde, der tre pasientar er innlagde.

Ingen pasientar er til intensivbehandling.

Helse Førde opplyser også at dei no har 21 tilsette i karantene - av om lag 3.000 tilsette.

Det er stadfesta at to tilsette er smitta av koronaviruset.