Stad vil avklare hamnesamarbeid

Stad kommune vil gjere naudsynte avklaringar om hamneorganisering gjeldande frå 2021.

Illustrasjonsfoto frå Nordfjordeid 

Nyhende

Stad-ordførar Alfred Bjørlo har gjeve melding til kommunane Kinn, Stryn og Gloppen om at ein tek sikte på å gjere ei avklaring i løpet av 1. halvår 2020. Situasjonen i dag er at tidlegare Selje kommune pluss Bryggja er organisert gjennom Nordfjord Hamn IKS, medan tidlegare Eid kommune har eit vertskommunesamarbeid om hamneforvaltning med Bremanger kommune.