Campingplassar og gjestehamner i Stad skal haldast stengde

Kommuneoverlegen i Stad kommune fatta sist tysdag vedtak om ei ny lokal forskrift for å hindre spreiing av Covid-19, og bidra til å halde i hevd nødvendige helse- og omsorgstenester.

Illustrasjonsfoto  Foto: Anna Wuttudal

Gjestehamner skal haldast stengde  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

─Vedtaket er gjort med heimel i Smittevernlova § 4-1 og på bakgrunn av nasjonale føringar frå myndigheitene, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ein epost til Fjordabaldet der han viser til at forskrifta inneber at det frå 31. mars 2020 er det som følgjer som er gjeldande i Stad kommune:

  • Felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom ved alle campingplassar og gjestehamner i Stad kommune skal haldast stengde for å hindre spreiing av smitte.
  • Overnatting på campingplassar i Stad kommune er berre tillate i hytter/leilegheiter som har eige bad/wc, kjøkken og tilknyting til vatn- og avløpsanlegg
  • Det er ikkje tillate å overnatte i campingvogner (inklusive «spikertelt»), bubilar, telt med meir ved campingplassar i kommunen
  • Det er lov å legge til i gjestehamnene sjølv om tilhøyrande sanitæranlegg er stengde
  • Det nasjonale hytteforbodet gjeld framleis
  • Det nasjonale forbodet mot overnatting på fritidseigedom i annan kommune enn heimkommunen gjeld framleis. Dette gjeld også ved leige av fritidsbustadar som hytte eller leilegheit på campingplassar eller andre stadar i annan kommune enn heimkommunen.
  • Forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald på fritidseigedomar med vidare i anledning utbrot av Covid-19. Kommunen har ikkje adgang til å gi dispensasjon frå det nasjonale forbodet.
Bakgrunn for innføring av forskrifta

─Helsedirektoratet har oppfordra alle til å unngå fritidsreiser, unngå stader der ein kjem nær andre og å unngå nærkontakt med andre. Opphald på campingplassar er prega av tett kontakt og felles bruk av sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom tilgjengeleg for alle campinggjestar. Opphald i campingvogn/bubil på campingplassar ber preg av tronge buforhold og nærleik mellom bebuarar i kvar eining. Sanitære installasjonar i campingvogner og bubilar er relativt spartanske. Reint vatn må bringast til vogna frå felles forsyningspunkt på plassen, og avløpsvatn i tank og urin/avføring i toalettank må tømmast i felles anlegg for dette. Til saman gjer dette campingplassar med denne typen buforhold til eit miljø med auka risiko for smittespreiing ved dråpe og kontaktsmitte, heiter det i e-posten frå kommuneoverlegen.

Nødvendig å førebygge

─I den noverande situasjonen er det nødvendig å førebygge og motverke spreiing av Covid-19. Tiltaket er nødvendig både for å beskytte sårbare grupper og for å halde ved lag naudsynt kapasitet i helsetenesta. Negative konsekvensar av vedtaket vil vere ei ytterlegare avgrensing i drifta for dei aktuelle bedriftene og mindre fridom for campingturistar i området, seier Thomas Vingen Vedeld og understrekar at desse konsekvensane vert vurdert som relativt små sett i samanheng med eksisterande nasjonale forskrifter og råd som har til hensikt å avgrense fritidsreiser og risiko for spreiing av Covid-19.