Sogn og Fjordane:

Åtte av ti ligg an til å få igjen på skatten

I Sogn og Fjordane har 59.000 personar fått førebels skatt til gode på i gjennomsnitt 11 000 kroner, mens 15 000 har fått ein førebels restskatt på 19 300 kroner i gjennomsnitt.
Nyhende

– Hugs å sjekke at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format. Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylle inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Tidlegare skatteoppgjer

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

2,8 millionar skattytarar får tilbake til saman 33,7 milliardar kroner på skatten, viser den foreløpige skatteberekninga.

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:

• Du har fått ny skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar

• Du og eventuell ektefelle må trykke på knappen for å sende inn skattemeldinga

• Du må ha skatt til gode

• Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll

Foreløpige tal viser at 822.000 personar, som tilsvarar to av ti skattytarar, får restskatt på til saman 20,5 milliardar kroner.

– Dersom du må betale restskatt, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Det gjeld også dei som ikkje sender inn skattemeldinga, det vil seie at du lar den bli levert automatisk ved fristen, forklarar divisjonsdirektøren.

Årleg skattesjekk

Skatteetaten får stadig meir informasjon om deg, men du er sjølv ansvarleg for å gi fullstendige opplysningar som blir brukt til å berekne skatten. Du er ansvarleg for at skattemeldinga er fullstendig og korrekt også viss du brukar leveringsfritak.

– Eg oppfordrar alle til å sjekke tala nøye og samanlikne dei med årsoppgåver frå til dømes bank, kommune, arbeidsgivar og burettslag. Tenk også gjennom om du har ekstra verdiar som skal rapporterast, eller frådrag du har krav på, seier Gjengedal.

– Det er endå enklare å sjekke og endre opplysningar i den nye skattemeldinga. Det kan lønne seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørge for at du har alt på stell, seier divisjonsdirektøren.

Vi hjelper deg

I skattemeldinga får du rettleiing og enkelte svar undervegs. I tillegg finn du alt frå reisekalkulator til frådragsrettleiar på skatteetaten.no. Har du spørsmål, får du raskast hjelp viss du kontaktar oss på chat, Facebook/skatten min eller telefon. Skattekontora er for tida stengt for publikum for å redusere risiko for virusspreiing.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.