Lesarinnlegg

Vi gjev ikkje opp kampen om Stadtfjellet!

Ein vel sine kampar. Denne er viktig! Den handlar om landet vårt. Naturarven vår. Kulturhistoria vår.

-Vi har von om at Stad kommune ikkje godkjenner dispensasjon til veg i kommunestyremøte neste månad. Vi er i dialog med Motvind i vurdering av mogleg rettslege steg. Vi kan opplyse at vi med ein Spleis på nettet samla inn nærare kr 126 000 på nokre timar fredag 27.03 – til vidare arbeid. Oppsluttnaden kring å stogge prosjektet er stor! Vi har brei støtte i folket frå heile landet i å verne om eit av Nordvestlandets mest spektakulære landskap, seier Wenche Hovlid Sortvik i ein epost til Fjordabladet.   Foto: Privat

Okla-saka på Stadlandet har fått meg til å tvile på om «systemet» fungerer, skriv Wenche Hovlid Sortvik i dette innlegget.   Foto: Privat

Nyhende

EG har tapt tillit til høgare styringsorgan gjennom den siste tida. Det er trist. Eg har alltid verdsett våre demokratiske ideal og vår ytringsfridom. Sett på det norske samfunn som verdibasert - der kunnskap og informasjonsflyt står sentralt. Tenkt at høg grad av kompetanse ligg til grunn for avgjersler som får nasjonale og lokale fylgjer. Hatt tru på at omsynet for miljø, natur og individ vert prioritert – og om skade skjer – så har vi eit godt fungerande lovverk og rettsvesen. Har kjent tryggleik i trua på å ha ei stemme.

Okla-saka på Stadlandet har fått meg til å tvile på om «systemet» fungerer……


For nøyaktig eit halv år sidan, skreiv eg desse orda i ein tekst til Fjordabladet og Fjordenes Tidende. Den fyrste teksten av mange som skulle kome til å handle om «Okla» og vandaliseringa av naturverdiar i landet vårt. Etter at OED gav klarsignalet for Okla-utbygginga 24 mars, får desse orda igjen ei sterk tyding. Kjensla av tapt tillit til våre øvste styringsinstansar, som vel å ikkje sjå raseringa av eit unikt landskap, i ei utbygging med marginal energivinst!


Å kjempe mot Oklautbygginga gjennom dei siste månadane, har vore som ei kjenslemessig berg og dalbane. Frå fornya von når Innbyggjarinitiativet og Stad Landskap fekk reist saka på ny, og Selje kommunestyre gjekk inn for ny gjennomgong av konsesjonen hjå NVE. Vonbrot når beskjeden kom om at NVE «ikke kunne se» at konsesjonen var gitt på feil grunnlag. Håp om at OED likevel ville vise klokskap i si endeleg avgjerd. Og tilslutt slaget i meldinga frå OED - som gav grønt lys for ei utbygging med dramatiske konsekvensar for natur og omgjevnader.


Kva er det som kan få vanlege folk til å vurdere rettsak mot den norske stat? Det er eit stort steg å ta. Dei færraste av oss hadde nok i utgangspunktet tenkt tanken. Men vi kan ikkje godta at staten lukkar augene for at vår nasjonale naturarv vert rasert! Folket si stemme har ikkje blitt høyrt gjennom Oklaprosessen. Ein mangel på gode lokaldemokratiske prosessar. Mangel på at motsegner og høyringssvar vart tatt til fylgje i konsesjonsvurderinga. Ein total mangel på å ta omsyn til både gamal og ny kunnskap om tap av biologisk mangfald og artar. Og ingen omsyn til stor lokal motstand.


I ei tid då landet vårt er i unntakstilstand, og vi alle er sett på sidelinja, kjem Olje- og energidepartementet med tre store vedtak på same dag. Okla. Haram. Runde. Vedtak som er svært konfliktfylte og som har svært store negative verknader for natur, miljø og livskvalitet. Alle i urørt og lite påverka natur. Til trass for stor lokal motstand. I område med Nordvestlandet sin mest spektakulære natur. Det er arrogant. Det er kunnskap- og historielaust. Det er udemokratisk!!


«Hvis ikke Stadlandet er verneverdig – da er ingen landskap i Norge verneverdige» - skreiv Are John Knudsen
i eit innlegg torsdag 26 mars. Vi stiller oss bak desse orda! Stadhalvøya har ei heilt spesiell historisk tyding, med eit unikt kulturlandskap, natur og opplevingsverdiar. I andre land hadde eit ikonisk landskap som Stadlandet vore verna mot inngrep og blitt vurdert som eit verdsarvområde med UNESCO status.

Vi VIL ha tillit til våre styringsorgan! Vi vil halde fram med å verdsetje våre demokratiske ideal, kunnskapsbasering og vårt verdigrunnlag! Vi vil tru på ytringsfridomen og at vår stemme har tyding! Difor held vi fram med å kjempe for Stadtfjellet!

Ein vel sine kampar. Denne er viktig! Den handlar om landet vårt. Naturarven vår. Kulturhistoria vår. Vi gjev ikkje opp!