Tre nye er smitta i regionen

Tre nye er stadfesta smitta av koronaviruset i gamle Sogn og Fjordane fylke.

TRE NYE: Tre nye er stadfesta smitta av koronaviruset i Helse Førde-regionen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er no 43 tilfelle av COVID-19 i Helse Førde-regionen sitt område. Det er dermed kome tre nye siste døgn, av 40 analyserte prøver. Dette vert stadfesta tysdag kveld.

Helse Førde opplyser at det er to smitta som er innlagde pasientar - ingen av dei på intensivbehandling.

Det er 25 tilsette i karantene (av om lag 3.000 tilsette i Helse Førde).

To tilsette i Helse Førde er stadfesta smitta av koronaviruset.