Mykje nedbør og vind

Stor fare for snøskred

Det er sendt ut eit oransje og raudt varsel for snøskred i områda rundt Indre Fjordane tysdag og onsdag.

VARSEL: Det er sende ut oransje varsel for snøskred tysdag og raudt varsel onsdag.   Foto: ANNA WUTTUDAL

Nyhende

Dei komande dagane er det ifølgje Yr melde nedbør, i form av regn, i låglandet. Ved Harpefossen Skisenter ser det ut til at nedbøren skal kome som snø med temperaturar rundt null onsdag, og minusgrader fram til søndag.

I låglandet vil temperaturane truleg ligge på mellom 1 og 6 grader fram til søndag. Frå måndag av ser det ut til at temperaturane kjem til å auke både i områda rundt Nordfjordeid og Selje.

Oransje og raudt varsel

Tysdag er det betydeleg snøskredfare i Indre Fjordane og det er difor sende ut eit oransje varsel. Det vert oppmoda om å vere forsiktig i områda i høgda der det ligg fersk fokksnø. Stigande temperaturar vil gjere at nedbøren kjem som regn under 1000 meter over havet og vil føre til midlertidig svekking av snødekket og difor auke faren for våte lausskred, varslar varsom.no. Spesielt skavlar i nordlege og austlege fjellsider vert det oppmoda om å vere forsiktig.

Onsdag 1. april er det stor snøskredfare i Indre Fjordane og det er sende ut raudt varsel. Varsom.no varslar at snøskreda kan utløysast naturleg, men også av skiløparar og oppmodar difor om å unngå skredterreng.

Årsaka til det raude varselet er kraftig vind som kjem frå sørvest og mykje nedbør. Ifølgje varsom.no vil snøskredfaren vere størst i austlege delar av regionen der det skal kome mest nedbør. Også i terreng under 1000 meter over havet vil nedbøren, i form av regn, kome på snødekket og auke faren for våte laussnøskred.