Fylkesordførar Jon Askeland håper på realisering av

Gryteklare prosjekt

Det er god gammal motkonjunkturpolitikk å satse på samferdsle for å få fart på næringslivet. Fylkesordførar Jon Askeland(Sp) har eit håp om at gryteklare prosjekt kan kome i posisjon for realisering som følgje av pandemien.

TRAVLE TIDER: Det er travle tider for fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland. Torsdag var det fylkesutval der dei vedtok krisepakke, og fredag var det nettmøte om NTP med ei lang rekkje innspel. Foto frå nettmøte 

Nyhende

– Det å halda arbeidslivet i gang er heilt sentralt både medan me kjempar med å slå ned viruset, og i atterreisinga framover. Me høyrde fredag at om lag 1/3 av medlemsbedriftene i NHO vurderer konkurs som eit mogleg utfall, og då må me gjera alt me kan for å sikra sysselsetjinga. Pr no er det om lag 10 % arbeidsledige i Vestland fylke, dei aller fleste mellombels, men det er ein forferdeleg situasjon. I sum har eg difor tru på at det vil koma tiltakspakkar for å sikra sysselsetjinga, og samferdsel er eit felt det er grunn til å tru får midlar. Dette har også samanheng med at bygg- og anleggsbransjen er fastland-Noregs største bransje, så auka aktivitet i denne sektoren har også store ringverknader, seier Askeland til Fjordabladet.