E39 Stamvegutvalet

Først gul midtstripe

E39 Stamvegutvalet i Sogn og Fjordane legg i uttale til NTP 2022–2033 vekt på at det er semje om å ruste opp E39 med gul midtstripe frå sør mot nord. Utvalet prioriterer opprusting av vegen og gul midtstripe først, deretter fjordkryssing.

E39: Jenny Følling er leiar for Stamvegutvalet E39. Utvalet jobbar for opprusting av E39 frå Gulen i sør mot møre grense i nord. Foto frå innspelsmøte om NTP på Skei i regi av Vestland fylkeskommune 

Nyhende

E39 går i dag gjennom kommunane Gulen, Høyanger, Sunnfjord, Gloppen og Stad, og skal etter planen leggast gjennom Stryn kommune med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjord i indre.