Kommunalsjef Barbro Longva

Bur seg på auka press

Stad kommune førebur seg no på ein situasjon der ein må ta imot utskrivingsklare pasientar som både er smitta og ikkje smitta.

Kommunesjef: Brabro Longva er kommunesjef i Stad kommune, med ansvar for Helse- og omsorgstenestene. No planlegg ho og resten av staben for ytterlegare press på tenestene. 

Nyhende

–Fram til i dag er det ikkje påvist personar med covid-19 smitte i Stad kommune, men vi må vere budde på at vi ikkje slepp unna. Difor held vi no på med å legge planar for korleis vi skal rigge pleie- og omsorgstenestene våre, slik at vi kan yte gode helse- og omsorgstenester til dei som treng hjelp, seier kommunalsjef Barbro Longva som også er klar på at presset på den kommunale helsetenesta kan bli ekstra stort om presset på sjukehusa blir stort.