Færre innleggingar enn estimert

Tiltaka ser ut til å gje resultat

Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga har hatt effekt på talet på sjukehusinnleggingar i Helse Vest. Kurva ser ut til å flate ut, og det var førre veke 370 færre innlagde pasientar med koronavirus enn estimert i prognosane.

RESULTAT: Det ser ut til at talet på sjukehusinnleggingar i Helse Vest enn så lenge har flata ut.  

Nyhende

Dette kjem fram i ei pressemelding.

Tiltaka som blei innførte for å stanse korona-spreiinga i Noreg, ser ut til å gi resultat. Fram til 20. mars vaks det akkumulerte talet på sjukehusinnleggingar med ca. 36 prosent kvar dag. Det er ei dobling omtrent annankvar dag og svarar til det veldig mange andre land i vesten opplever no for tida.

Grafen som no er laga viser framskrivinga til og med 27. mars med same vekstrate i lyseblått, medan det i mørkeblått viser det faktiske talet. I denne grafen kjem det altså fram at kurva ser ut til å flate ut, og det er færre innlagde enn det som er estimert.

GRAF: I lyseblått viser framskrivinga t.o.m. fredag 27. mars med same vekstrate som fram til 20. mars, i mørkeblå viser det faktiske talet. Det er verdt å merke seg at diagrammet viser summen av talet på innlagde pasientar hittil, og ikkje talet på innlagde pasientar per dag.  Foto: Presse

Takk til dei som held seg heime

– På ei veke «manglar» vi 370 pasientar. Folkehelseinstituttet (FHI) anslår at om lag 20 prosent av dei innlagde pasientane vil ha behov for pustehjelp, noko som betyr at vi i så fall hadde hatt 75 fleire pasientar i respirator per 27. mars. Så det er berre å takke alle som har halde seg heime. Enn så lenge har vi klart å flate kurva, seier fungerande administrerande direktør i Helse Vest RHF, Ivar Eriksen, i pressemeldinga.

Dugnaden må halde fram

Sjukehusa i Helse Vest følgjer tilrådingane frå Helsedirektoratet og FHI og planlegg kapasiteten i sjukehusa i tråd med scenarioa til FHI. Dei håper på det beste, men er rusta for det verste. Kva bane utviklinga følgjer avheng av dugnaden i befolkninga og vil ha stor innverknad på talet på pasientar som treng behandling i sjukehusa.

– Det er ein maraton vi er i gang med, ikkje ein sekstimeter. Det vil krevje mykje av oss, både i sjukehusa og som innbyggjarar, for å komme i gjennom denne pandemien på ein god måte. Og det gir iallfall meg energi til «å springe vidare» å sjå viljen og innsatsen medarbeidarane i sjukehusa og folk flest har for at vi skal møte denne situasjonen best mogeleg, seier Eriksen, vidare i pressemeldinga.

To innlagt

I Helse Førde er det no to pasientar som er innlagt med covid-19.

Søndag kveld var det totalt 40 stadfesta tilfelle av Covid-19 i Helse Førde sitt område.