Mykje snø i fjellet:

I år kan det bli stor vårflaum i heile landet

Ifølgje NVE er det i år svært truleg at det vert stor vårflaum i alle landsdelane, mykje grunna dei store snømengdene i fjellet.

FLAUM: I år er det rekordmykje snø i fjellet fleire stadar i Norge, og grunna dette er det svært truleg at det vert stor vårflaum rundt om i landet.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Vårflaum er eit fenomen som skjer i store delar av landet kvart år. Det er spesielt ved elvar som kjem frå indre strøk at det kan bli stor vårflaum melde NVE, som har gjort ei analyse av vårflaumen i år. I denne analysen kjem det fram at med stor vårflaum er det flaum på oransje nivå. Denne flaumen kan gjere alvorlege skadar.

Oppmodar om å følgje med

I Sør-Norge skal det vere elvar som har ein stor del av dreneringsområdet over 500 til 700 meter over havet, medan i Nord-Norge gjeld det i tillegg elvar med lågtliggande dreneringsområde.

Det er i Nord-Norge det er mest sannsynleg at det vert stor vårflaum, der det er 90 prosent truleg, ifølgje NVE. Resten av landet er det også sannsynleg med stor vårflaum.

I Sør-Norge er flaumperioden frå slutten av april i Sør-Norge, og frå midten av mai i Nord-Norge. Ifølge NVE er startpunktet litt usikkert enno, ettersom det er fleire indikasjonar på at flaumtoppen vert i juni eller starten av juli.

NVE oppmodar om at beredskapen og publikum til å følgje med og gjere tiltak som kan redusere faren for lokale flaumar.

Snøen og vêret har skulda

Den viktigaste årsaka til stor vårflaum er kor mykje snø som har kome i løpet av vinteren. Trass i at det har vore ein mild vinter og at det vart sett varmerekordar rundt om i Norge i januar, har det i år kome rekordmykje snø fleire stadar i landet, og det har faktisk vore det mest snørike året sidan 2000. NVE melde at sidan 1958 har det berre vore fem år med meir snø enn i år.

Kor store vårflaumane vert rundt om i landet er svært avhengig av korleis vêret vert framover. Om det vert ein vår med moderat varme og lite nedbør, vert det ein normal vårflaum, trass i at det er mykje snø i fjellet. Dersom det vert mykje nedbør kombinert med varme, kjem det til å bli ein uvanleg stor flaum i områda som har mykje snø.