Kommunane

Får milliardar i krisehjelp

NPK-NTB. Eit fleirtal av partia på Stortinget skal vere klare til å gi norske kommunar fleire milliardar kroner ekstra til å betale koronautgiftene sine.

FÅR HJELP: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre prøver no å bli samd med dei andre partia på Stortinget om endringar i krisepakken som regjeringa la fram sist fredag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Det kan vere snakk om så mykje som ti milliardar kroner i konkrete pengelovnader, men storleiken på summen er enno ikkje avklart, forklarer kjelder tett på prosessen til NTB.