Ønskjer å bevare attraktivt friluftsområde

Ikkje bygg i Løkjaåsen

Det er sterkt engasjement blant bygdefolket for å bevare Løkjaåsen som friluftsområde. I eit innspel med 41 underskrifter ber dei om at området ikkje må reduserast eller splittast opp til fordel for ny bustadbygging.

Løkjaåsen. Tomteareal bør ligge nær gang- og sykkelveg og i område der grunneigarane er positive til å avstå areal, meiner bygdefolk som sterkt tek til orde for å bevare Løkjaåsen som friluftsområde.   Foto: Ragna Flatla Haugland

Bygda treng fleire tomter, og i hovudsak bør desse ligge i nær til knyting til gang-/sykkelvegen som går gjennom bygda

Nyhende

I etterkant av folkemøte i Vårtun på Hauane i november der kommune og plankonsulent presenterte bakgrunn og kunnskapsgrunnlag i samband med oppstart av arealplanarbeid for Haugen har det kome ei rekkje innspel til planarbeidet. I møtet vart det mellom anna synt eit kart der delar av Løkjaåsen vart peika på som eigna areal til bustadføremål.