Vestland fylke har vedteke første tiltakspakke for næringslivet

– Det er svært viktig at også Vestland fylke er på banen for å avhjelpe den kritiske situasjonen næringslivet er kome i som konsekvens av koronapandemien, seier Gunhild Berge Stang, gruppeleiar for Venstre.

Gunhild Berge Stang er gruppeleiar for Venstre.si gruppe i Vestland fylkesting.   Foto: Rebecca Amber

Nyhende

I hovudutvalet for næring 12. mars tok Venstre initiativ til ei bestilling på å kartlegge korleis Vestland fylke kan bidra.

–I dag har dette munna ut i at fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune tverrpolitisk har vedteke ein tiltakspakke for næringslivet og at vi i tillegg ser på korleis fylkeskommunen kan framskunde utbyggingsprosjekt innan bygg og samferdsel. Tiltakspakken inneber mellom anna 22 millionar kroner i denne omgang. Det er klart at i den store samanhengen er ikkje dette store pengar, men det er viktige pengar, seier Stang.

– Fylkeskommunen lir store økonomiske tap som konsekvens av koronaen, samstundes som ein skal drifte kollektiv, skular og anna tenestetilbod for innbyggjarane. Likevel meiner vi det er viktig at fylkeskommunen som sit tett på næringslivet i regionen, har rolle i arbeidet med å handtere denne krisa,ikkje minst fordi vi ser at krisa vil kunne ramma ulikt i dei ulike regionane, seier Stang.

–Det er også klart at dette er ei krise som vil måtte prege fylkeskommunen sine prioriteringar og rolle i lang tid framover, dette må vi følgje opp vidare, seier Stang.