Regjeringa sviktar studentane -Studentar bør få stipend, ikkje meir lån!

Ådne Reidar Nes Kleppe frå Nordfjordeid er nestleiar i Auf-studenter i Trondheim. 

Nyhende

Koronaviruset råkar alle grupper i det norske samfunnet, og det er i desse dagar viktig med ei handlekraftig regjering, som tek befolkninga sin tryggleik og utfordringar på alvor. Det vert lansert krisepakkar for dei mange tusen i Noreg som no vert permitterte og som i verste fall mister jobben sin. Å ha ein jobb er noko av det viktigaste eit menneske kan ha, for å sikre ein god, trygg og forutsigbar kvardag. Alle desse menneska som no vert råka av arbeidsløyse, og som mister inntekt og forutsigbarheit, kan stort sett få dagpengar frå NAV, og kan på denne måten få kvardagen til å gå opp. Ei gruppe i det norske samfunnet som no vert ståande på bar bakke, er norske studentar.

2/3 av norske studentar er avhengig av å ha ein jobb i tillegg til å få stipend/lån frå den norske lånekassa. Studentane skal dekke utgifter som pensumbøker, leige av bustad, straumkostnadar, kollektivtransport, mat og drikke, og mykje meir. Når no mange tusen studentar vert permitterte, eller mistar jobben, så er det dramatisk og fører til ein kvardag prega av frykt. Frykt for å ikkje kunne få dekka dei grunnleggande behova sine, som mellom anna kostnadane for bustad og mat. Korleis skal studentane kunne fokusere på studiet sitt når ein har ei slik byrde hengande over seg til ei kvar tid?

Den norske regjeringa kom i dag, 26.mars 2020, med si løysing på korleis studentane skal ta del i den store COVID-19-krisepakken. Vi AUF-studentar Trondheim er ikkje nøgde med at studentar skal måtte ta opp meir lån for å skulle kunne dekke opp for manglande inntekt. Vi krev at studentane i Noreg skal få dekka sine inntektstap, då anten gjennom stipend eller moglegheiter for dagpengar. Når andre som mister jobben kan søke om dagpengar gjennom NAV og få «gratis hjelp», er det ikkje rettferdig at regjeringa si løysning for studentar skal vere å måtte ta opp meir lån. Det norske samfunnet er basert på tillit og solidaritet. Vi skal ta vare på kvarandre og yte hjelp når vi ligg nede for telling. At norske studentar som vert permitterte eller mister jobben skal ende opp med meir lån, i staden for å kunne få dagpengar eller liknande, er ikkje solidarisk; det er å utsette ein byrde til framtida.

Regjeringa sin bodskap til Noregs hardtarbeidande studentar, er at det løner seg å vere arbeidsledig framfor å studere. Dei andre arbeidstakarane får ikkje ei «støtteordning» gjennom lån. Ein slik politikk er både trangsynt og gnien, og fører til ei forskjellsbehandling av arbeidstakarar. Vi studentar er skattebetalarar, vi òg!