Svært høge temperaturar på Sunnmøre og i Nordfjord

(NPK): Onsdag morgon viste gradestokken over 15 grader fleire stadar på Sunnmøre og i Nordfjord. Det er varmare enn i både Roma og Paris.

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR: Lam som hoppar og sprett er prototypen av vårleg idyll.   Foto: ARKIVFOTO: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

I Tafjord i Norddal kommune på Sunnmøre målte gradestokken 16,8 varmegrader som er varmaste temperatur målt der i mars sidan rekordmålinga 19. mars 1990 (18,1 grader).

Vakthavande meteorolog, Magni Svanevik, seier til NRK at dei høge målingane kjem av fønvind.

– Det er veldig varm luft i høgda som blir slått ned i dalområde med store høgdeskilnader. Lufta blir varma opp på veg ned, seier Svanevik til statskanalen.