Lagar kjøken og bad

Like ved RV 15 i Holmøyvika ligg snikkarverkstaden Hjelle Snikkerverksted AS.

KVIT BJØRK: Kjøken i kvit bjørk er det og god etterspørsel etter fortel eigar og dagleg leiar i Hjelle snikkerverksted Arne Hjelle. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes 

Nyhende

Verksemda blei starta i 1989 av Svein Lefdal og Arne Hjelle, sistnemnde er framleis eigar og dagleg leiar. Frå 1992 har dei konsentrert produksjonen om kjøken og bad, og etter kvart har det blitt mest kjøken. Det er tre tilsette ved bedrifta, som i over tretti år har greidd å halde stillinga i ein bransje med til dels hard konkurranse.