Okla vindkraftverk får klarsignal frå OED

Kraftige lokale reaksjonar på avgjerda

Olje og energidepartementet (OED) stadfesta sist tysdag Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) sitt vedtak om planendring for Okla vindkraftverk.

–Kommunestyret i Stad sit no med stor påverknadsmakt i saka, og vi håpar at Stad kommunestyre respekterer det samrøystes vedtaket frå Selje kommune der dei ber om ny gjennomgang av konsesjonen, skriv Stad Landskap og Innbyggarinitiativet mot vindmøller på Stadlandet i ein kommentar til avgjerda i Olje- og energidepartemenetet. Nummer to frå venstre Thomas Honningsvåg, nestleiar i Stad Landskap. Nummer tre frå venstre: Bård Fløde, frå Innbyggarinitiativet.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Stad Landskap reagerer kraftig på utfallet av klagesaka med omsyn til endringar i MTA og detaljplan av 2019.

­–Avgjerda er lei, men ikkje uventa. Desse endringane er tilsynelatande avbøtande, og marginale. Men dette er den tredje og største turbintypen som no er innlemma i planane utan ny kalkulering av visualisering, skriv Innbyggjarinitiativet og organisasjonen Stad Landskap i ein felles kommentar

Dette er saka

Den 17. desember 2013 gav NVE Vestavind Kraft AS konsesjon til å bygge og drive Okla vindkraftverk. Det blei gitt konsesjon til eit anlegg med samla installert effekt inntil 21 MW. Vedtaket blei påklaga, og oversendt Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd. Den 12. juni 2015 stadfesta OED NVE sitt vedtak.

I medhald til konsesjonen post 12 og 13 skal det utarbeidast ein detaljplan og MTA (miljø-, transport- og anleggsplan), som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. NVE tok imot detaljplan og MTA for Okla vindkraftverk 23. juni 2017. NVE tok imot endringar til planane i brev av 01. november 2017. NVE godkjente framlagde planar i vedtak av 16. november 2017 med vilkår. Vedtaket blei ikkje påklaga. NVE tok imot søknad om endringar den 16. april 2019, som omfattar reduserte tal på vindturbinar frå seks til fem, ny turbintype, der høgda vart endra til 148,5 meter for alle fem vindturbinane og kjeldestøyen er redusert, i tillegg er turbinposisjonane justert og den interne vegtraseen justert og noko redusert. NVE godkjente endringane i vedtak av 24. juni 2019. Vedtaket blei påklaga og OED stadfesta NVE sitt vedtak 24.03.2020.

«Tynn»

–Vi meiner at OED si grunngjeving er svært «tynn», og til dels neglisjerer dokumentasjon og påstandar frå lokaldemokratiet sine partar i saka. Vi er i dialog med Motvind Norge, og vurderer grunnlaget for rettslege skritt. Vi vil på ny vise at lokal motstand er stor, og ikkje på nokon måte kan neglisjerast!

Utsett frist

NVE gav denne månaden konsesjonen utsett frist for å sette drifta i gong til desember 2021.

–Vi meiner der ikkje ligg føre noko grunnlag for å gje slik utsetting, og vil følgjeleg klage på dette. Vidare er det søkt dispensasjon frå kommunens arealplanar. Her meiner vi at det må stillast krav til regulering, og at dispensasjon ikkje kan gjevast.

Påverknadsmakt

–Kommunestyret sit no med stor påverknadsmakt i saka, og vi håpar at Stad kommunestyre respekterer det samrøystes vedtaket frå Selje kommune der dei ber om ny gjennomgang av konsesjonen. Vi er mellom anna sterkt kritiske til handsaminga rundt godkjenning av MTA i 2017, og endringa av MTA og detaljplan seinare same år. Vi vil også peike på at utbyggar enno har eit stykke å gå før der er høve til å starte anleggsarbeidet, skriv Innbyggjarinitiativet og organisasjonen Stad Landskap i kommentaren.

Trist dag

–Ein svært trist kveld etter å ha motteke e-post frå OED. Trur ikkje at det er tilfeldig at NVE like før sende meg e-post om forlenging av ferdigstilling for Falck. Her har NVE hatt nært samarbeid med OED, seier Bård Fløde i Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad.

Stad kommune

–No kviler Stadhalvøya sin lagnad på Stad kommune. Eg har nyleg motteke juridiske vurderingar som spår at viss Stad kommune krev regulering i staden for å gje dispensasjon til Falck, vil tidsfaktoren føre til at Falck gjev opp prosjektet. Det er her tale om LNF-areal for ny vegtrasé, noko som betyr ein omfattande høyringsprosess og dermed uttrekking i tid. Eg ser difor på dette som ein stor test for den nye Stad kommune. Ofrar Stad kommune det unike Stadlandskapet i denne dispensasjonssaka, er eg redd for at den nye kommunen får ein svært vanskeleg start, På vegner av mange «Stadværingar» håpar eg difor på at både administrasjon og politisk nivå arbeider for å redde den unike Stadhalvøya, seier Bård Fløde i Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad.