FEEL FREE i framgang

Feel Free er ei av dei nyaste bedriftene I Holmøyane, og driv ein mangfaldig møbelproduksjon.

DAVID I DRAGESTOLEN: Laga med motorsag. Var ei tid utlånt til Furebuda på Stadlandet. Er no til sals saman med andre figurar laga av David Sigurdsson. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes 

Nyhende

Firmaet blei skipa i 2013, og tok i 2014 over lokala og maskinane til tidlegare Holmøy Møbel. Dagleg leiar er David Sigurdsson, medan Jarl Even Eide er produksjonssjef. Marta Myklebust er designar og prosjektleiar. Saman med far til Sigurd eig dei og bedrifta. Sigurdson og Eide er utdanna møbelsnikkarar frå Eig vgs, medan Marta har utdanning innan interiør og produktdesign frå Bergen og Milano. Alle har etter kvart brei erfaring innan bransjen.