Camilla Stoltenberg trur koronatiltak vil vare i 18 månader

Folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg seier ho trur koronatiltaka vil vare i minst 18 månader.

– Dei mest optimistiske anslaga for ein vaksine er eitt og eit halvt år, seier direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Det vi gjer no, er å prøve å slå smitten ned så godt vi kan. Får ein det til raskt, vil framleis ein høg del av befolkninga ikkje vere immune. Då er det høg risiko for at smitten blussar opp igjen viss ein slakkar på tiltaka, seier Stoltenberg til NRK.