Frå fregattar til luftkrigsskulen

Stortrivst med ein variert kvardag i Forsvaret

Nikoline Espelund Myklebust har vore på fregattane KNM «Helge Ingstad» og KNM «Otto Sverdrup» i to år. I haust bytta ho fregattane ut med luftkrigsskulen.

FORSVARET: Nikoline Espelund Myklebust har valt ein kvardag med uniform i Forsvaret. Ho har hatt førstegongstenesta på KNM «Helge Ingstad» før ho vart tilsett på KNM «Otto Sverdrup». No har ho skifta ut livet på fregattane med ein bachelor ved Forsvaret sin høgskule.   Foto: privat

Nyhende

Nikoline Espelund Myklebust (22 år) frå Nordfjordeid starta i haust på ein bachelor i militære studiar med fordjuping i leiing – militær logistikk ved Forsvaret sin høgskule i Trondheim. Ho er truleg den einaste jenta frå Sogn og Fjordane i 1. klasse. Totalt er dei rundt 14 jenter av 48 som går første året.