Startar opp att driftsaktiviteten

Søndag vart karantenereglane i tidlegare Sogn og Fjordane oppheva, og no kan dei fleste fylkesvegprosjekta starte opp att.

Dei fleste vegprosjekta er i gang, men nokon prosjekt går med redusert kapasitet.   Foto: Arkiv/ILL.FOTO

Nyhende

Som kjent så skapte karantenereglane i tidlegare Sogn og Fjordane problem for aktiviteten på fylkesvegprosjekta i fylket, og prosjekt stoppa opp. No er karantenereglane oppheva, og dette gjer at dei fleste fylkesvegprosjekta vil etter forholda gå som normalt.

– Vi er sjølvsagt glad for dette, og ikkje minst på vegne av entreprenørane som har ein vanskeleg tid i situasjonen med koronaviruset. Vi har framleis heimekontor i Vestland fylkeskommune og på dei einskilde prosjekta følger vi alle råd fråFHI for å hindre meir smitte, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

– Dei fleste vegprosjekta er i gang, men nokon prosjekt går med redusert kapasitet. Dette vil nok gå utover framdrifta på dei prosjekta det gjeld, seier Lefdal, i pressemeldinga.