Den siste tida har det vore mange oppslag om at dei fleste må halde seg heime og ein blir oppmoda om å ikkje dra på jobben, hytta eller nytte båten.
– Når mange blir forhindra i å sjå til verdiane sine gjennom forbod og retningslinjer, vil vi fortelje at politiet rundt i Vest Politidistrikt passar på, opplyser politiet.
Sist helg såg dei til fleire båthamner, hyttefelt, industriområde og har møtt nokre innbyggjarar når dei har patruljert rundt på ulike stadar.
– Til deg som er ute og luftar deg: Følg litt ekstra med på plassar der andre no er forhindra frå å sjekke, er den klare oppfordringa frå politiet.