Oppmodar om å ta vare på kjerneområde for landbruk

Sigurd Reksnes har kome med innspel til arealplan for Haugen der han på det sterkaste oppmodar Stad kommune om å utvikle bustadområde som er attraktive, og som kan dekke behovet for bustadtomter mange år fram i tid utan å byggje ned kjerneområde for landbruk.

– INGA GOD LØYSING: – All erfaring viser også at å planlegge bustadfelt tett inn på driftsbygningar i landbruket ikkje er noko god løysing, påpeikar bonde Sigurd Reksnes. Arkivfoto 

Nyhende

Sigurd Reksnes opplyser i innspelet at garden som han og kona driv på Haugen er i full drift. Dei driv med mjølk i Hjalma Samdrift DA. I tillegg til dette så driv Reksnes med sau, der han nyttar driftsbygninga i tunet heime til ein produksjon på 150 vinterfôra sauer. Det er såleis ei omfattande drift på garden og dei har vidare utviklingsplanar for gardsdrifta, og har fått utarbeida teikningar til ei utviding av driftsbygninga. Dette for å auke og modernisere produksjonen ytterlegare.