Kan utvide bustadfelt

Stein Bjørhovde har kome med tankar om tomteplan på Hauane der han mellom anna peikar på mogelegheitene for ei forlenging av Løkjastranda bustadfelt.

INNSPEL: Stein Bjørhovde er ein av mange som har kome med innspel i samband med planarbeidet som er i gang for å få fleire bustadtomter på Hauane. Arkivfoto: Tormod Flatebø. 

Trinn 2 mellom felta kan byggast ut som ein gangveg med lys som også kan brukast som bilfri skuleveg

Nyhende

Bjørhovde peikar på at det ligg allereie inne i kommuneplanen eit tomteområde i forlenging av Løkjastranda kommunale bustadfelt, og han meiner at dette området framleis kan vere aktuelt for utbygging.