Corona-krisa samlar Nordfjord til felles innsats

Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger kommune førebur å samle seg i eit felles beredskapsteam for næringslivet i Nordfjord.

Nordfjordrådet handsama saka om Beredskapsteam måndag 23/3, med vedtak om umiddelbar oppstart av eit forprosjekt for å bistå næringslivet i koronakrisa, og sikte på endeleg vedtak om om oppstart og organisering av eit beredskapsteam i løpet av få dagar. Frå venstre: Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad,Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn (Sp), og Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Næringslivet i Nordfjord står i ein svært uvanleg og krevjande situasjon som følgje av coronaviruset. Permitteringar, usikre tider og nye utfordringar gjer at ordførarane i Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger går saman med mål om å etablere eit felles beredskapsteam for regionen.

- Corona-krisa råkar oss alle og vi står overfor mange felles utfordringar i månadane framover. Dette er difor tida for felles innsats, seier Stad-ordførar og leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo (V).

Regionalt beredskapsteam

Målet er at eit regionalt beredskapsteam skal vere på plass i løpet av få dagar, i samarbeid mellom kommunane, Visit Nordfjord og NAV. Sistnemnde spelar ei viktig rolle i arbeidet, med si oversikt over korleis krisa råkar dei ulike delane av næringslivet. NAV vil også stille ressursar til disposisjon på regionnivå for Nordfjord.

- Vi ser at næringslivet står på, tilbyr heimkøyring av varer og andre kreative løysingar for å handtere krisa på best mogleg vis. Vår jobb blir å hjelpe næringslivet på best mogleg vis gjennom denne krevjande tida, seier Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn (Sp).

Stryn kommune er ein av dei hardast råka kommunane i Vestland når det gjeld tal permitterte.

Stå samla

Nordfjordrådet handsama saka om Beredskapsteam måndag 23/3, med vedtak om umiddelbar oppstart av eit forprosjekt for å bistå næringslivet i koronakrisa, og sikte på endeleg vedtak om om oppstart og organisering av eit beredskapsteam i løpet av få dagar. Arbeidet med forprosjektet vil starte opp umiddelbart, mellom anna med ei kartlegging av konsekvensane krisa har for næringslivet i Nordfjord.

- Eg trur kunnskap og samarbeid er nøkkelen til at flest mogleg bedrifter kan opne dørene og ta tilbake dei permitterte når situasjonen normaliserar seg, påpeikar Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

- Det er avgjerande at vi no handlar raskt. Kvar veke og dag tel for å få på plass nødvendige virkemiddel og tiltak som kan sikre arbeidsplassane i regionen i denne heilt spesielle situasjonen, seier Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap).

Også Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) har tru på effekten av å stå samla.

- Vi kjem til å ha ei felles, tydeleg stemme frå Nordfjord i kontakt med politisk leiing, styresmakter og virkemiddelapparatet. Samla skal vi kome oss gjennom dette.

Kvar kommune i Nordfjord vil innanfor ramma av eit felles regionalt beredskapsteam også arbeide nært saman med lokale næringsorganisasjonar for å hjelpe og bistå næringsdrivande i vekene framover.