Helsedirektoratet

Ber om at drastiske tiltak blir vidareførte

Helsedirektoratet vil slå ned koronaepidemien i Noreg og ber om at alle dei drastiske smitteverntiltaka held fram, inkludert stenging av skular og barnehagar

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner smitteverntiltaka må vidareførast for å slå ned koronaepidemien. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK  Foto: Lise Åserud

Nyhende

– I dag er målet vårt å slå ned koronaepidemien så langt vi kan, sa helsedirektør Bjørn Guldvog på ei pressebrifing tysdag.

Han har no tilrådd regjeringa å vidareføre alle smitteverntiltaka som er innførte, og som statsminister Erna Solberg (H) har kalla dei mest inngripande tiltaka Noreg har hatt i fredstid.

Det overordna målet er at kvar person som får koronaviruset i Noreg, i gjennomsnitt smittar færre enn éin ny person. Då vil smitten over tid gå tilbake.

– Det er eit krevjande mål å oppnå, men vi kan ikkje gi det opp i dag, sa Guldvog.


Statsminister Erna Solberg

─ Kampen mot viruset må halde fram

Regjeringa har i dag bestemt at tiltaka som tidlegare har vore sett i verk blir vidareført til over påske – 13. april.


Tilrår vidareføring

I utgangspunktet vil smitteverntiltaka frå regjeringa gå ut torsdag. Helsedirektoratet tilrår no at dei blir vidareførte.

Det tyder:

* Framleis stenging av skular og barnehagar. Her opnar Helsedirektoratet for enkelte justeringar, spesielt opp mot sårbare barn.

* Framleis stenging av verksemder som ikkje kan følgje pålegget frå styresmaktene om smittevern. Det omfattar mellom anna fysioterapeutar, kiropraktorar, optikarar, fotterapeutar, logopedar og psykologar.

* Framleis stenging av arrangement, treningssenter, symjehallar, frisørar, hudpleie og liknande.

* Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling, blir framleis forbodne å reise til utlandet.

* Personar som kjem til Noreg, skal opphalde seg i karantene i fjorten dagar.

* Personar som har hatt nærkontakt med smitta, skal vere i karantene i fjorten dagar.

* Personar som er mistenkte smitta eller stadfesta smitta, skal opphalde seg i isolasjon.

* Alle helseinstitusjonar skal gjennomføre inngangskontroll og alminneleg besøksstans.

Oppdaterte scenario

Bakteppet er oppdaterte scenario frå Folkehelseinstituttet som viser at talet på smitta kan auke svært raskt viss Noreg lempar på tiltaka no.

Med få eller ingen effektive tiltak kan det bli snakk om opptil 223.750 smitta innan 13. april, ifølgje FHI-scenarioa.

I ein slik situasjon kan opp mot 4.260 personar trenge innlegging på sjukehus, med 580 som treng intensivbehandling.

– Dei neste vekene blir utfordrande for alle, men viss vi lykkast, vil vi kunne lette på tiltaka om nokre veker og sakte, men sikkert vende tilbake til normalen, sa Guldvog.

Håpet hans er at dei første justeringane kan kome etter påske.