Reiselivssjef Lindvik:

Ber NHO reiseliv og Virke reiseliv vere tydelege

─Å sende heile det norske reiselivet i  kneståande vil få alvorlege og langsiktige konsekvensar som kjem til å koste samfunnet vårt endå meir i fleire år framover.

Reiselivsnæringa blir råka spesielt hardt og lenge av situasjonen samanlikna med andre bransjar, der forbrukarane vil returnere raskare og i større omfang så snart situasjonen blir betre, seier Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det skriv Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord i eit brev til NHO reiseliv og Virke reiseliv.

─På vegner av reiselivsnæringa i Nordfjord med meir enn 150 små, mellomstore og store bedrifter og i overkant av 1.000 personar knytt til næringa med stor verdiskaping for regionen, ber vi innstendig om at NHO reiseliv og Virke reiseliv tydeleggjer endå sterkare at reiselivsnæringa er avhengig av direkte likviditetsstøtte under pandemien, og ein periode etter oppstart for å unngå konkursar og ei svært skadeskutt reiselivsnæring når etterspørselen skal byggast opp igjen.

Gjer som Danmark

─Storsamfunnet har eit vesentleg ansvar for å sikre at ikkje heile næringa med 170.000 arbeidsplassar og 4-5 % av BNP kollapsar i løpet av 2020. Danmark har innført likviditetsstøtte, og både Christian Ringnes og Victor Norman ved NHH argumenterer for det same.

Blir råka spesielt hardt

Reiselivsnæringa blir råka spesielt hardt og lenge av situasjonen samanlikna med andre bransjar, der forbrukarane vil returnere raskare og i større omfang så snart situasjonen blir betre.

I kneståande

Tiltaka med avgiftsreduksjon, betalingsutsetting og lån hjelper ikkje på langt nær nok reiselivsnæringa så lenge det meste av inntektsgrunnlaget i 2020 er borte og 2021 blir eitt utfordrande år med usikkert etterspurnadsnivå og gjenoppbygging av reiselivsnæringa. Likviditetsstøtte blir kostbart for staten, men kostnadene med å sende heile det norske reiselivet i kneståande vil få alvorlege og langsiktige konsekvensar som kjem til å koste samfunnet vårt endå meir i fleire år framover, skriv Marita Lindvik i brevet til NHO reiseliv og Virke reiseliv.