Anken til Høgsterett vart avvist

Gulating lagmannsrett avsa 7. november i fjor ein dom i ei sak som gjeld usemje om jaktrett og eigedomsrett i eit utmarksområde aust i Hjelmelandsdalen mot grensa til Sunnmøre, omtala som Svartevassberget, Langelida og Grimeskaret. Avgjerda vart anka til Høgsterett, som no nyleg har avvist å behandle saka.

Kart frå Gulating lagmannsrett sin dom 07.11.2019. 

Nyhende

Ifølgje prosesskrivet frå ankande part, representert ved advokat Edmund A. Bolstad, starta saka som ei jordskiftesak vedkomande retten til hjortejakt i gnr 31–34 si stølssameige. Jordskifteretten kom fram til at gnr 19 og 35–39 har jaktrett i sine skogteigar i gnr 31–34 si stølssameige, saman med grunneigarane.

Avgjerda vart anka inn for lagmannsretten av representantar frå begge sameigegrupperingane.

Tolking av gamle dokument

Lagmannsretten har i dom 7. 11 2019 konkludert med at grunneigedomsretten ligg i eit fullstendig sameige, der det mest sentrale er ei tolking av ei offentleg utskifteforretning frå 1864 som gjaldt ei skogstrekning som var felles for gardane i dei to sameiga før utskiftinga.

Lagmannsretten gav også den tapande part pålegg om å betale motparten sine sakskostnader på 266.747 kroner.

Eigedomsrett og jaktrett

Lagmannsretten tok ikkje stilling til kven som har jaktretten i tvisteområdet, men har lagt til grunn at jakta innanfor tvisteområdet ligg i sameige mellom grunneigarane. Sameigepartane skal reknast etter smørskylda, og gnr 19 og 35–39 har dermed blitt tilkjent 2/3 av både grunneigedomsretten og jaktretten i tvisteområdet.

– Har logisk brist

Dei som anka saka til Høgsterett peikar på at dommen har ein klar logisk brist, og viser til jordskiftesak frå 1954 då heile stølssameige til gnr 35–39 vart skifta til eigedom (grunnutskifting). Saka vart sluttført i 1974 utan at gnr 31–34 på noko tidspunkt vart rekna med som grunneigarar eller partar i denne utskiftinga.

Lagmannsretten har konkludert at grunnen i dei to sameiga har lege i eit fullstendig grunnsameige frå 1864 og fram til i dag, noko som den ankande part påpeikar må vere feil utifrå det som vart rettskraftig avgjort i 1954.

– Bør avvisast

Dei som vann saka i lagmannsretten, ankemotparten, har vore representert ved advokat Håkon Sætre Rasmussen. I eit ankesvar til Høgsterett vert det teke til orde for at lagmannsretten sin dom er korrekt og at anken bør avvisast. Dei har lagt til grunn at lagmannsretten har vurdert bevisa riktig når det gjeld dei faktiske forholda, og lagt dei riktige rettsreglane til grunn.

Ankemotparten viser til at det først og fremst er saker av prinsipiell interesse som Høgsterett skal avgjere, og at dei spørsmåla som saka reiser ikkje har betydning for andre enn dei saka gjeld. Det er heller ikkje slike feil ved dommen som gjer at det er særleg viktig å få saka avgjort i Høgsterett.

Det vart vidare i ankesvaret vist til at det teigområdet som denne saka gjeld, ikkje vart handsama av jordskifteretten. Lagmannsretten har teke stilling til om jordskiftesaka frå 1954 har hatt rettskraftverknad for det omtvista arealet, og har funne at det har den ikkje.

Ankemotparten la til grunn at anken i realiteten berre handla om ei rein bevisvurdering, og at det ikkje gav grunnlag for ankebehandling.

Avviste saka

Høgsterett har ein lovheimel for å sile ut saker som ikkje fyller vilkåra for behandling.

Dei har no avvist saka:

«Ankeutvalget finner enstemmig at det ikke er grunn til å oppheve lagmannsrettens dom i utvalget etter tvisteloven § 30–3 andre ledd, og at verken avgjørelsens betydning utenfor den foreliggende sak eller andre forhold tilsier at saken blir fremmet for Høyesterett, jf. tvisteloven § 30–4. Anken tillates derfor ikke fremmet.»

Ankemotpartane som har vore representert av advokat Håkon Sætre Rasmussen har kravd 31.995 kroner i sakskostnader. Kravet vert teke til følgje, og dei av grunneigarane som står bak anken til Høgsterett må betale motparten sine sakskostnader.

‒ Greitt å få ei avklaring

– Greitt å få ei avklaring på saka og sleppe ei ny runde i retten. Det seier advokat Håkon Sætre Rasmussen til Fjordabladet. Han har førebels ikkje snakka med sine klientar, men konstaterer at ankeutvalet i Høgsterett er samd i det som dei har påpeika i sitt ankesvar, at saka ikkje bør behandlast i Høgsterett, men slik dei serdet er behandla godt og riktig i lagmannsretten.

Det har ikkje lukkast Fjordabladet å få kommentar frå advokaten til dei som anka.