Statsminister Erna Solberg

─ Kampen mot viruset må halde fram

Regjeringa har i dag bestemt at tiltaka som tidlegare har vore sett i verk blir vidareført til over påske – 13. april.

Regjeringa har i dag bestemt at kampen mot koronaviruset må halde fram med full styrke. Det betyr at dei drastiske tiltak som er sett i verk blior vidareført til over påske, sa Erna Solberg på pressekonferansen i ettermiddag.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Skal vi slå ned koronaepidemien i Noreg må vi arbeide for at ein smitta person ikkje smittar meir enn ein annan person. Greier vi ikkje det vil vi sprenge kapasiteten i helsevesenet vårt. Difor blir alle dei drastiske smitteverntiltaka som er innført halde fram, inkludert stenging av skular og barnehagar, sa Erna Solberg som uttrykte stor takksemd over alt det gode arbeidet som blir lagt ned, spesielt av alle dei som jobbar i helsevesenet.

Treng tid

– Tiltaka ser ut til å bremse smitten, men vi treng meir tid for å sjå kva verknad dei har., sa Solberg som saman med helseminister Bent Høie, Folkehelseinstituttet og Helsedire3ktoratet gjekk gjennom korleis innbyggarane skal opptre.

–Grupper av folk skal ikkje vere meir enn fem, med unntak av familiar som er fleire enn dette. Avstanden mellom oss skal vere to meter., sa Høie som understreka kor viktig det er at vi held på dei gode reglane om handvask og å hoste i papir som vi kastar eller i albogen. .

Verne dei eldre

Statsministeren sa også at det i denne situasjonen er sær viktig at vi skjermar, tek ekstra godt vare på dei som er i risikogruppene og eldre menneske i befolkninga.