Konrad Skibenes:

–Det meste går som normalt

– Per dato så går det meste som normalt, seier Konrad Skibenes, dagleg leiar i West Mekan Produksjon AS.

Held hjula i gong: Konrad Skibenes, dagleg leiar i West Mekan Produksjon AS, fortel at verksemda ikkje er påverka av koronasmittesituasjonen.   Foto: Vidar Alfarnes

Nyhende

Dagleg strøymer det på med meldingar om store og små bedrifter som kjempar for å halde hovudet over vatnet i svært så utfordrande tid. Men for West Mekan Produksjon AS på Nordfjordeid, som eksporterer rundt 50 prosent av produksjonen, går det meste som normalt.