Ønskjer kommunal overtaking av veg

Styreleiar Arild Hjelmeland og dagleg leiar Reidar Vonheim i Harpefossen Hyttegrend har i skriv til kommunen bede om at hovudvegen i hyttefeltet får kommunal status.
Nyhende

Furehogvegen er hovudvegen frå Postvegen til skianlegget på Furehogane. Vegen er 1900 meter lang og vart bygd ut av Harpefossen hyttegrend i samband med realiseringa av skianlegget på Furehogane og utbygging av hyttefeltet. Kostnaden med opparbeiding vart i si heilskap betalt av hyttegrenda, og dei har tatt drifts og vedlikehaldsutgiftene sidan vegen vart bygd. Harpefossen hyttegrend ser det no som urimeleg at ein framleis skal ha drift og vedlikehald på denne hovudvegen som er ein veg open for ålmenta, dei største brukarane er dei som er på skisenteret, turfolk og grunneigarane i området. Hjelmeland og Vonheim understrekar at det berre er hovudvegen som dei meiner bør få status som kommunal veg, medan stikkvegar ser ein som hyttegrenda sitt ansvar. Det vert vist til inngåtte avtalar i 2006 og 2007 som omhandlar heilskapleg utvikling og at kommunen har eit særleg ansvar for å ivareta ålmenta sine interesser i form av utbygging og drift av offentleg veg og parkering.