Vestlandsforsking

Opnar nye dører

Aleksander Øren Heen (Sp) er valt til leiar i det nye styret for Stiftinga Vestlandsforsking. Også Synnøve Aabrekk frå Nordfjordeid er med i det nye styret. Kristin Maurstad frå Bryggja er 6. vara.

STYREMEDLEM: Synnøve Aabrekk, opphaveleg frå Nordfjordeid, er med i det nye styret for Vestlandsforsking.   Foto: Privat

Nyhende

Det er Fylkestinget i Vestland som har vedtatt nytt styre for Stiftinga Vestlandsforsking. Den nye styreleiaren er Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet, medan Silja Ekeland Bjørkly frå Høgre er nestleiar. Dei andre medlemmene er sterke profilar innan forsking, teknologi, klima, reiseliv og media.