Styremøte i Helse Førde:

–Ein svært krevjande situasjon

– Tida vi går inn i kan bli svært krevjande. For å møte utfordringane i den krevjande situasjonen som vi kan gå i møte vil eg gje honnør til tilsette for den formidable innsatsen dei har lagt ned.

Koronamøte: Styret i Helse Førde gjennomførte måndag styremøte. Ut frå den utfordrande smittesituasjonen som landet vårt er i vart for første gong eit styremøte i helseføretaket gjennomført elektronisk. Sjølv om det var mange saker som stod på sakslista, var det koronasituasjonen som prega møtet. Frå venstre: Arve Varden, Anne Kristin Kleiven (utviklingsdirektør) og Arne Skjelten.  Foto: Helse Førde

Nyhende

Det sa administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, då styret i helseføretaket handsama koronasituasjonen i helseføretaket sitt område måndag.