Russepresidenten:

– Vi må ta det som det kjem

Koronaviruset gjer at årets russ truleg ikkje får ei normal russefeiring i april og mai.

RUSSETIDA: Russ over heile landet går no ei usikker tid i møte, og både lokale og nasjonale arrangement vert stadig avlyst. Her frå tidlegare i vinter då russestyret ved Eid vidaregåande skule hadde møte.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

I april og mai skulle tredjeklassingane på alle dei vidaregåande skulane rundt om i landet kle seg i russebukser og feire at 13 år med skule er ferdig. Slik det ser ut no, vert det truleg ikkje slik. 12. mars kom meldinga om at alle skulane i landet vert stengde i alle fall i to veker grunna koronaviruset, og no er det ingen som veit kva som skjer med russetida.