– Vi er ved godt mot

Første veka med stengde skular er unnagjort, men rektor Anne-Grete Eikås ved Nordfjordeid skule er ved godt mot.

ERFARINGAR: Rektor Anne-Grete Eikås ved Nordfjordeid skule fortel om ein skulekvardag som vart snudd på hovudet på kort tid, men at tilbakemeldingane på korleis det fungerer, er bra.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Alt vart snudd opp ned. Men tilbakemeldingane frå teamleiarane er at det går bra, men det har vore meir å gjere enn normalt, fordi alt skulle opp og gå samtidig, fortel Eikås.