Helse Førde:

To nye har testa positivt

Søndag ettermiddag har Helse Førde oppdatert koronatala, og no er det totalt 28 stadfesta tilfelle i Sogn og Fjordane.

NYE TAL SØNDAG: Totalt 28 er stadfesta smitta av koronaviruset i Helse Førde sitt område. 

Nyhende

Ifølgje Helse Førde har to personar fått stadfesta COVID-19 i løpet av det siste døgnet. 21 nye skal vere testa.

No er det totalt 28 personar som har testa positivt. Ingen av desse skal vere innlagt, ifølgje Helse Førde.

Ein tilsett ved Helse Førde er også stadfesta smitta av COVID-19, medan 76 tilsette av om lag 3000 er i karantene.

Ingen i Stad kommune

Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er det ikkje påvist smitte i Stad kommune per dags dato.