Feira fullført 4H-program

Desse fekk plakett

4H Sogn og Fjordane feira dei som har fullført 4H-programmet i 2019 med ei høgtideleg utdeling av plakett.

4H-PLAKETT: Framme frå venstre: Julie Breidvik – Havgula 4H, Hanna Solheim – Kvitveisen 4H, Rebecka Nedrebø – Kransen 4H, Maria Lunde – Hakkespetten 4H, Kristin Eineteig – Fjærland 4H, Hanna Ullaland – Von 4H. 2. rekkje frå venstre: Tomas Igelkjøn Åsnes – Holeholten 4H, Stijn B. Poland – Fjellreven 4H, Sølve Nedrebø – Kransen 4H, Gunn Margit Rauboti – Fjærland 4H, Guro Henriksbø Øksendal – Blåklokka 4H, Mathilde Tjønneland – Framsyn 4H, Brita Supphellen – Fjærland 4H, Eila Amalie Nordnes – Standal 4H, Sigrid Haugnes Tyssekvam – Von 4H, Synnøve Aaberg Skjærli – Nausta 4H, William Kjelsnes – Blåklokka 4H, Sigbjørn Norddal – Eikås 4H, Anders Ulvatne Igelkjøn – Holeholten 4H. 3. rekkje frå venstre: Inger Helene Øvrebø – Sparebanken Sogn og Fjordane, Hilde Sværen – Organisasjonsrådgjevar 4H Sogn og Fjordane, Sondre Høgi Berge – Vårliv 4H, Margrethe Drevdal Tverberg – Bergrosa 4H, Birthe Sleppen Josvanger – Vårliv 4H, Tiril Hagen Otterskred – Hesjastauren 4H, June Lavik Akse – Lauvsprett 4H, Tuva Sofie Vold – Lauvsprett 4H, Tone Hessevik – Hei og Hå 4H, Silje Drageset Gjesdal – Blåklokka 4H, Emilie Vigdal – Fjordljos 4H, Nina Sandvik – Bergrosa 4H, Eirik Reed Mundal – Fjærland 4H, Ruben Flatjord Kjøsnes – Fjelltind 4H, Helle Formo Hartz – sentralstyremedlem i 4H Norge, Eirik Hortemo Vikøren – leiar i 4H Sogn og Fjordane. Bak frå venstre: Tarjei Martin Hansen Moen – Skjold 4H, Gaute Sleppen Josvanger – Vårliv 4H, Sebastian Joranger – Vårliv 4H, Jørgen Bergset – Vårliv 4H, Kasper Engen – Vårliv 4H, Nikolai Breidvik – Havgula 4H, Are Svorstøl – Von 4H, Jonas Nordgulen – Blåklokka 4H, Stein-Inge Nedrebø – Kransen 4H, Øystein Støfring – Eikås 4H, Jardar Tveit – Vårvon 4H, Martin Kjøllesdal – Trekløveret 4H, Brynjar Barvåg Leivdal – Hestehoven 4H, Steffen Laukeland – Fjellklang 4H.   Foto: jostein Vedvik

Nyhende

Feiringa av dei som har fullført 4H programmet i 2019 gjekk av stabelen ved Sande 8. februar. På plass var rundt halvparten av dei medlemmane som fullførte programmet i 2019, og desse fekk 4H-plaketten og 4H-vitnemålet i ei høgtideleg ramme der medlemmane var kledd til fest med dress, kjøle og bunad.

Vore med i mange år

Dei medlemmane som får plakett og har fullført 4H-programmet har vore med i mange år. For å få plakett må ein nemleg ha gjennomført sju prosjekt før ein fyller 25 år.

Lokale klubbar

Frå dei lokale 4H klubbane i Stad kommune var det fleire som var til stades og fekk plakett i både Trekløveret 4H, Hestehoven 4H, Hei og Hå 4H og Fjellreven 4H. Elles var det mange andre medlemmar frå dei andre 4h-klubbane i Sogn og Fjordane som deltok under plakettutdelinga.