Bruk av sjøområda i Stad

NY PLAN: Kvar skal det vere lov med oppdrett og kvar er det mest høveleg med fiskerikai? Stad kommune ber om innspel. Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Stad kommune ynskjer innspel til kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune. Målet med planen er å få eit overordna plangrunnlag for fiskeri, havbruk, hamner, farlei og energiproduksjon i sjøområda. Næringar som kan vere aktuelle for kommunane å legge til rette for gjennom planarbeidet er tare- og biologisk dyrking, dykkarturisme/oppleving/formidling, oppdrett, fiskeri, gruve- og deponiområde. Ein kan òg ha potensielle område for energiproduksjon i sjø. I dag er det i reguleringsplanen for Stad skipstunnel regulert inn eit stort deponiområde i Moldefjorden. Dersom ein ikkje finn gode område langs land til samfunnsnyttig bruk av desse massane, er alternativet å dumpe dei i deponiområdet i Moldefjorden. Ein må vurdere moglege næringsareal i høveleg avstand frå tunnel-innløpa.